Te fjells Røldal

Velkomen til LivOGlyst i fjellbygda Røldal

Røldal er ei fjellbygd i industrikommunen Odda. Bygda har omlag 530 fastbuande med god aldersfordeling. Røldal ligg som knutepunktet mellom Rogaland, Hordaland og Telemark fylke. Røldal Stavkyrkje med det undergjerande krusifikset er viden kjend og har mange besøkjande kvart år. Vinterstid er Røldal kjend for å ha rikeleg med snø, og er ein ynda stad for skientusiastar og spesielt for frikøyrarar. Røldalsmarknaden kunne feira 20 års jubileum i 2011 og ser opptimistisk fram mot mange nye og gode år.

Røldal er ei levande bygd i vekst, både sosialt og kulturelt, og eit bindeledd mellom aust og vest.

Me vonar at du med tida vil finna mykje interessant stoff frå Røldal på kom-an sidene til Hordaland fylkeskommune, så følg med oss.

Sjølvsagt er alle hjarteleg velkomne til å besøkja oss, så ta turen til Røldal.

 

http://www.roldal-reiseliv.no/

Varsel for Røldal
  • Sludd

    -2°

    tysdag

    10. desember

  • Regn

    onsdag

    11. desember

  • Sludd

    torsdag

    12. desember

  • Skyet

    fredag

    13. desember

  • Skyet

    laurdag

    14. desember

  • Skyet

    søndag

    15. desember

  • Sludd

    måndag

    16. desember