Retningsliner kurskalenderen

Retningslinene gjeld for kurskalenderen på kom-an.no. Kom-an.no er ikkje ein kursarrangør, men ein formidlingskanal av aktuelle kurs og arrangement for målgruppa i Hordaland. Kursarrangørar kan  melde inn og syne fram deira kurs i kurskalenderen på kom-an.no.

Målgruppa er hovudsaklig gründerar, etablerarar, eldsjeler, samfunnsentreprenørar og rettleiarar i Hordaland.

Retningsliner:

  • Kursarrangørar kan melde inn planlagte kurs og-/eller arrangement for gratis synleggjering på kom-an.no.
  • Alle punkter i innmeldingsskjemaet skal fyllast ut. 
  • Informasjon om hendinga skal ha eit presist innhald som forklarar tydeleg og enkelt om det aktuelle kurset/ hendinga. Tenk på målgruppa.
  • Alle kurs og-/ eller arrangement skal vere aktuelt for målgruppa. Endeleg vurdering av dette vert gjort av redaksjonen i kom-an.no.
  • Redaksjonen publiserer dei godkjente kurs og-/ eller hendingar fortløypande.
  • Redaksjonen i kom-an.no kan justere på innmeldt informasjon om hendinga, og kan fjerne innmeldte kurs og-/ eller hendingar som verker støytande eller som er av upassande karakter.

 

Meld inn kurs til kalenderen