Vinteren 2017 har Osterøy museum skipa til kurs i treskomaking og nye krefter har lært seg og har overteke treskoproduksjonen.Fleire frivillige er velkomne. Kontaktperson er Nikolai Rypdal Tallaksen ved Osterøy museum; nikolai.tallaksen@muho.no
Treskoverkstaden er ein gamal treskofabrikk som dei siste åra har vorte restaurert av "Treskoverkstadens venner" i samarbeid med Osterøy Museum. Gjennom dugnad har både maskiner og bygning fått "nytt liv" etter 50 år utan drift.
No er treskoproduksjonen i gang og det vert laga tresko i sju ulike storleikar, etter dei opprinnelege måla
Her kan du sjå eit flott innslag frå treskofabrikken på nrk Norge rundt 5.5.2017:
https://tv.nrk.no/serie/norge-rundt/DVNR04001817/05-05-2017#t=15m36s
Du får kjøpt tresko i opningstida (galleributikken) eller kontakt Osterøy museum.
Prisliste:
5 1/2" kr 250,-
7 1/2" kr 275,-
8 1/2" kr 300,-
9 1/2" kr 300,-
10" kr 350,-
10 1/4" kr 350,-
10 3/4" kr 350,-