Roots & Heritage in Norway

Guida turar, slekt, slektsturisme, kulturarv og lokal historie

Åse Nilssen driv Roots & Heritage in Norway. På heimesida skriv ho:

Ved sida av arbeid og studier har eg hatt slektsgransking som min store lidenskap og hobby og har lang erfaring med det.
Eg har spesialisert meg på å lage aneringar/slektshjul/familietreanten skrivne for hand eller produsert på data.

Eg legg også til rette for slektsturisme, der eg kan skreddarsy, individuelle reiser for norsk-amerikanarar som vil finna sine røter og slekt i Norge, spesielt kommunane kring Bergen.

Med bakgrunn i masterutdanninga mi og ulike prosjektarbeid på Osterøy innan lokalsamfunnsutvikling, lokal kultur og kulturminne, kan eg tilby guida turar med formidling og opplevingar i kulturhistoriske miljø både på Osterøy og i Bergen.

Eg kan også utføra ulike konsulenttenester innan kulturvern og –formidling.

Sjå heimesida: https://roots-heritage.no