Opplev Indre Osterfjord

Fleire aktørar samarbeider om eit godt opplevingstilbod i Indre Osterfjord for lag, organisasjonar og grupper. Nokre av desse tilboda er ved Mjøsvågen.

OPPLEV INDRE OSTERFJORD

Me ynskjer lag, organisasjonar og grupper velkommen til ei kulturhistorisk reise på Osterøy. Med fokus på entrepenørskap, attånæringar og industri som vaks fram på siste del av 1800-talet.

Indre Osterfjord er full av kulturhistoriske perler, plassert i eit vakkert fjordlandskap. Me har tilrettelagt for at de lett kan få nye og eineståande opplevingar. Turen er perfekt for lag/organisasjoner/bedrifter med både små og store grupper. Enten som dagstur, eller to-dagars tur med overnatting. Mat og drikke kan bestillast på Fjordslottet eller Kleiveland Gard. (sjå meir informasjon under)

Innover langs Osterfjorden, i den nordlege/nordvestlege delen av Osterøy kommune, ligg grendene Hosanger, Fotlandsvåg, Tysse og Kleiveland. Turen startar i Hosanger med besøk i Mjøsvågen og på Norlender. Fjordslottet ligg i Fotlandsvåg og på Tysse er Møllehuset, tidligare Tøsse Mølle. Turen endar på Kleiveland med besøk på Kleiveland Gard.

Ynskjer de å oppleva indre Osterfjord, enten ein eller fleire serverdigheiter? For guida tur til fleire av opplevingane, kontakt: Åse Nilssen på tlf. 90777756 eller send ein mail til: aasenilssen@hotmail.com. Eller ta kontakt med den enkelte: kontaktinformasjon lengre nedover i mailen.

 
 
 

KUNST OG KULTUR I MJØSVÅGEN

I Mjøsvågen står gamle kulturminne på rekkje og rad rundt heile den lune vågen. I dei værna sjøhusa har det blandt anna vore kisteverkstader,
smier, treskoverkstad, metallstøyperi, gjørtlarar, møbelfabrikk og på dampskipskaien ser ein rester etter eit gamalt meieri.
På ein guida tur i Mjøsvågen kan me tilby:
  • Formidling av industrihistori/kulturhistoria knytt til verkstadmiljøet.
  • Få innsyn i produksjon av tresko på Hosanger Treskoverkstad.
  • Kunstutstilling av anerkjente kunstnarar i Galleri Mjøsvågen.
  • Galeributikk.
OPE KAFÉ OG GALLERI KVAR SUNDAG FRÅ 14.00 til 18.00 MELLOM 23. JUNI TIL 19. AUGUST.
BESØK VÅR NETTSIDE HER
KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVATLE:
Hosanger, 5282 Lonevåg - Åse Nilssen
Ring Åse på tlf. 90777756 eller send ein mail til: aasenilssen@hotmail.com
FØLG OSS PÅ FACEBOOK:
 
 
 

TEKSTILHISTORIE OG FABRIKKUTSAL PÅ NORLENDER

Det heile starta med den fyrste strikkemaskina som vart kjøpt inn i 1927 og plassert i kjellaren på heimegarden oppi "fjellet" av Ola Tveiten, tømrar og småbonde. Familien til Ola lærte seg kunsten å produsera undertøy til dame, så til born og herre, og ekspanderte inn i fyrste fabrikklokalet, oppført på garden.
I dag har bedrifta skifta namn til Norlender Knitwear, har for lengst flytta frå fjellgarden til moderne fabrikklokale ved fjorden i Hosanger og produserer fine strikkeplagg og tilbehør til store og små.
Lyst å vitja oss? Me kan tilby:
  • Omvisning i bedrifta.
  • Gje dykk innsyn i korleis eit strikkeplagg blir til, frå garn til ferdig plagg.
  • Historia om bedrifta, anekdotar og korleis det heile går føre seg i dag.
  • Vitja fabrikkutsalget, Norlenderloftet.
OPE BUTIKK MÅNDAG TIL FREDAG FRÅ 09.00 til 16.00,
(ELLER VED AVTALE)
BESØK VÅR NETTSIDE HER
KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVATLE:
Hosanger, 5282 Lonevåg
Ring oss på tlf. 56192000 eller send ein mail til: sales@norlender.no
FØLG OSS PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM:
 
 
 
 

STIL, STEMNING & ATMOSFÆRE PÅ FJORDSLOTTET HOTELL

Fjordslottet hotell ligg på Osterøy i Hordaland om lag 50 min frå Bergen. Hotellet har over 160 års historie, med hovedhus bygd i 1851, og nyare gjesterom frå 1997.  Fjordslottet hotell er eit hotell med særpreg og historisk atmosfære i spanande Vestlandsnatur med fjord og fjell.

PLANLEGG DU SELSKAP ELLER MØTE? ME TILBYR:
  • Kurs og konferanser
  • Bryllup
  • Store og små selskap opp til 120stk
  • 41 rom
Me er eit personleg og heimekoseleg vertskapsdreve hotell der me set deg og dine gjester i fokus.
BESØK VÅR NETTSIDE HER
KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Fjordslottet Hotell 5283 Fotlandsvåg - Værtskap David og Alita.
Ring Fjordslottet på tlf. 56 39 50 90 eller send ein mail til: fjordslottet@fjordslottet.no
FØLG OSS PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM:
 
 
 
 

TØSSE MØLLE - Sidan 1866

Tøsse Mølle har ei lang historie. Den vart bygd i 1866 og har vore i familien alle desse åra. Mølla begynte med å produsere havregryn i 1906 under navnet  «Bjørn havregryn». Til mølla var eit eige kraftverk med stort nedslagsfelt frå fjella rundt. Dette vart bygd i 1920. Mølla har klart seg gjennom to verdskrigar med å utvikle nye produkt for å overleve. Heilt fram til seinare tider var Tøsse Mølle ein viktig arbeidsplass for folk i bygdene rundt Osterfjorden.
Eigaren kan tilby omvisning i mølla med tørking av havre på gamlemåten (tørkehelle) og maling på stein som ein gjorde i gamle dagar. Deretter ein presentasjon på stor TV-skjerm med ein del gamle bilde og forteljing av mølle/familiehistoria.  Vi kan ta mellom 35 og 40 deltakarar. Gjestane kan kjøpe havregryn dersom det er ynskjeleg.

 
BESØK VÅR NETTSIDE HER
KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Osterøyvegen 3333, 5284 Tyssebotnen - Morten Svensson
Ring Morten på tlf. 56191025/91101909 eller send ein mail til:
morten.svensson@mollehuset.no
 
 

GARDSTURISME PÅ KLEIVELAND GARD

Kleiveland Gard har mektig natur, ro og fine stader for rekreasjon på land og sjø. Området ved den gamle dampskipskaien er no offentleg friluftsområde. Me som driv Kleiveland Gard har restaurert den gamle låven fra 1890-talet. Den står i dag fram som eit godt eigna selskapslokale. Låven er utstyrt med peis, Wifi, musikkanlegg og anna teknisk utstyr.
Her serverer me mat og drikke og fortel om liv og levemåte i gamle dagar, blant anna om laksefiske med gilje og sitjenot. Sesong: mai – september etter avtale. For interesserte kan lokal skyssbåt tingast for båttur til for eksempel laksegiljene på Askildneset, Tjuvabeget eller fjordtur rundt Paddøy.

 
KLEIVELAND GARD PASSAR GODT FOR:
  • Feiring av fødselsdagar
  • Turist - og pensjonisttreff
  • Samling for lag og organisasjonar
  • Låvedans og intimkonsertar
  • Seminar for verksemder
  • Båttur på fjorden etter avtale med lokal skyssbåt
  • Båttur med omvisning til laksegiljene på Askildneset
  • Fjelltur med guide
BESØK VÅR NETTSIDE HER
KONTAKT OSS FOR MEIR INFORMASJON, ELLER AVTALE:
Osterøyvegen 3842, 5284 Tyssebotnen - Vertskap: Ingfrid & Erling
Ring oss på tlf. 91182929/56395441 eller send ein mail til: erlkleiv@online.no
FØLG OSS PÅ FACEBOOK