Markakunsten er inspirert av kunstforma Land Art.
Tema er kunst i naturen laga av kunstnarar og av naturen sine eigne materialer.
Fleire av kunstnarane tek utgangspunkt i lokalhistoria.
Det har dei siste par åra ikkje vore organisert ny markakunstproduksjon.. Det varierer kor lang tid det tek før kunstverka går tilbake til naturen.
Her kan du laste ned kart over markakunsten 2012 med oversyn over bidragsytarane.
Og her kan du laste ned eit informasjonsark om Kossdalsvegen og segn knytte til Kossdalen.
Les Bygdanytt-artikkelen 4.7.2012; Kunstnarleg skuleplass.
Løypa går gjennom Kossdalen og er lett tilgjengeleg med både vogn, rullestol og sykkel.
Du kan starte både frå Mjøsvågen og på Svenheim på toppen av Kossdalssvingane.
Løypa er ca. 3 km lang.
På Svenheim er parkeringsplass.
Frå Mjøsvågen kan du køyre ca 2 km innover Mjøsdalen til parkeringsplass.
Løypa er open for alle. Inga betaling.
Løypa inngår i turopplegget CarWalks.
Nærmere orientering og kart som kan lastast ned, finn du på
http://www.carwalks.com/visartikkel.asp?art=258
Ei brosjyre om Kossdalen og svingane kan du laste ned her .