Kunstprosjektet NåDa i regi av Osterøy kunstlag

Utstillingsopning i Mjøsvågen vert sundag 9. september 2018.

I Mjøsvågen vil det skje mykje spanande i år. Osterøy kunstlag skal delta i eit nasjonalt prosjekt i regi av Norske kunstforeninger – NåDa.

Utstillingsopning i Mjøsvågen vert sundag 9. sept.

NåDa er eit nasjonalt prosjekt der 10 kunstforeiningar/,m nm-lag i Norge er plukka ut til å delta. Osterøy kunstlag er åleine i Hordaland som deltek.

I NåDa-prosjektet skal samtidskunst og lokale kulturminne frå fjern eller nær fortid saman danna ei form for refleksjon rundt historie, stad, identitet, tilhøyrsle, samfunn og kultur. Det skal vera eit prosjekt der ungdom, biletkunstnarar og kunstforeiningar, gjennom å arbeida med samtidskunst, skal reaktivera lokale kulturminne.

Mjøsvågen syner kulturminne for gründerskap, attåtnæring og industri heilt tilbake til 1800-talet. Og kulturminnet me har valt er «Amerikakufferten» som står for utvandringa til Amerika, dette temaet vert knytt opp mot dagen innvandring- og flyktningepolitikk. Dette er eit tema som vil gå att i fleire aktivitetar og hendingar i Mjøsvågen – og evt. andre stader på Osterøy dette året – i form av kunst, foredrag og konsertar.

Kunstnaren til hovudprosjektet er Shwan Dler Qaradaki, som kom til Norge som flyktning i 1999. I 2017 er han ein etablert og anerkjent kunstnar i Norge, og har stilt ut ved fleire av våre viktigaste institusjonar og mottatt store stipend og fleire prisar. Han har også turnert i store delar av Norge og brukt mykje tid på å formidle historia om ein oppvekst i krig og korleis han brukte to og eit halvt år på flukta frå irakisk Kurdistan til Norge, i filmserien Salte Kyss.