Vener av Mjøsvågen

Vener av Mjøsvågen er ein ideell medlemsorganisasjon i Hosanger på Osterøy som har som føremål å skapa aktivitet og driva vernearbeid som omfattar handverkstradisjonar, kulturmiljø og landskapet kring Mjøsvågen.

I det verna naust- og verkstadmiljøet rundt Mjøs- vågen har det mellom anna vore kisteverkstader, treskofabrikk, møbelfabrikk, gjerdenotfabrikk, gjørtlarar og smier. Husa vart verna i 2001 og Vener av Mjøsvågen mottok i 2005 Arild Haaland sin vernepris for arbeidet som er gjort for å ta vare på dei unike bygningane og som stimulering til vidare arbeid.

LivOGLyst i Mjøsvågen
Vener av Mjøsvågen var i 2008 utviklingsprosjekt under LivOGLyst-programmet. Med basis i tilskott frå programmet og frå Regionalt næringsfond for Osterfjord, var kulturvitar Åse Nilssen engasjert som prosjektleiar.

I 2009 hadde Vener av Mjøsvågen status som assosiert medlem i livOGlyst. I 2010 fekk me støtte som eittårig livOGlyst-prosjekt for prosjektet livOGlyst i Hosanger der fleire organisasjonar er med i utviklingsaktivitetane. Frå våren 2011 til hausten 2014 er dette vidareført som eit 3-årig livOGlyst-prosjekt. Regionalt næringsfond for Osterfjord yter støtte t.o.m. 2013. Åse Nilssen har vore prosjektleiar. Her kan du sjå sluttrapporten 2014.

Vener av Mjøsvågen samordnar aktivitetane rundt Mjøsvågen og står for felles marknadsføring med årleg brosjyre og heimeside. Eitt av dei store løfta har vore bygging av felles toalettbygg med handikapstandard.

LivOGlyst - Program for lokal utvikling i Hordaland hadde som føremål å stimulere lokal utvikling, attraksjons- og livskraft på ein systematisk og langsiktig måte. Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge står bak programmet.

Nye aktørar er velkomne Vener av Mjøsvågen ønskjer å komme i  kontakt med nye aktørar for å skape eit endå breiare tilbod og miljø. Me  ønskjer oss m.a. ein smed.

Medlemmer Som medlem hjå Vener av Mjøsvågen kan ein teikna seg innan ei av følgjande tre grupper:

* Grunn- og bygningseigarar med eigedom ved eller ned til Mjøsvågen. * Brukarar av bygningane i området, både personar, lag og selskap. * Andre vener.
Me har ca. 30 medlemmer og me ønskjer fleire, ta gjerne kontakt om du er interessert. Medlemskontingenten er kr 200,- pr år.

Her kan du sjå årsmeldinga for 2009, årsmelding  for 2010, årsmelding for 2011, årsmelding 2012 og årsmelding 2013.

Styret etter årsmøtet i 2014 Styreleiar, Lars Mjøs, mobiltelefon 416 28 531, epost: lars@mjos.no Nestleiar, Bente Holmedal. Skrivar; Veslemøy Gullachsen. Styremedlemmer: Kjell Mjøs og Inge Rune Fanebust. Varamedlemer: Mette Rude, Kari L Mjøs/ og Aslaug Lønsethagen/Else Røsland

Sponsorar Arbeidet som Vener av Mjøsvågen driv, vert støtta av mange, både generell støtte og støtte til serskilde tiltak. Her er nokre av dei:

  • Arild Håland sin vernepris
  • Hordaland fylkeskommune
  • LivOGlyst - Program for lokal utvikling i Hordaland
  • Regionalt næringsfond for Osterfjord
  • BKK
  • Sparebanken Vest
  • Osterøy museum
  • G. C. Rieber-fondene
  • Roots & Heritage in Norway
  • Osterøy kommune med kulturmidlar
  • Mange dugnadsfolk
  • Moralsk støtte: Osterøy kommune

 

Nytt toalettbygg frå sesongen 2011

Toalettbygget er i stor grad bygd på dugnad av medlemmer i Vener av Mjøsvågen

SPONSORAR

Arbeid Stig Eknes ingeniørtjenester; delar av planarbeidet
Osterøy Entreprenør AS; delar av grunnarbeidet
Materialar Kari og Aksel Mjøs, Aslaug Lønsethagen og Lars Mjøs
Tysse Mek Verksted AS; sponplater
Fornuftige prisar frå mange leverandørar
Mjøs Metallvarefabrikk AS; Jets vakuumtoalettsystem
Inge Svenheim; speil med ramme
Fri grunn Aslaug Lønsethagen og Lars Mjøs
Pengar Arild Håland sin vernepris, Hordaland fylkeskommune, Sparebanken Vest, Mjøsvågen kafe, Anonym gjevar gjennom Mjøsvågen kafe, Treskoverkstadens venner

Med Jets vakuumtoalettsystem vart det mogeleg å føre opp toalettbygget i naust- og verkstadmiljøet sjølv om den kommunale leidninga for avlaup ligg høgare og på motsett side av fylkesvegen.

 

 

 

Brurakrone Livlystlitenlogoweb Orgelpiper
Varsel for Mjøsvågen
  • Kraftig sludd

    torsdag

    23. november

  • Skyet

    fredag

    24. november

  • Kraftig regn

    laurdag

    25. november

  • Delvis skyet

    søndag

    26. november

  • Skyet

    måndag

    27. november

  • Klarvær

    tysdag

    28. november

  • Klarvær

    -1°

    onsdag

    29. november