Om Hosanger dampbåtbryggja

Hosanger dampbåtbryggja som er eigd av eit lutlag/aksjelag, vart teken i bruk i 1903. Frå 1928 til 1963 hadde Hosanger meieri tilhald på kaien. Siste rutebåt gjekk i 1976. Lutlaget Hosanger Dampbåtbryggja skal halde generalforsamlinng med framlegg om å overdra bryggja til Bergen og Omland Friluftsråd som statleg sikra friluftsområde. Arvingar til luteigarar/aksjeeigarar vert oppmoda om å melde seg.

2019 IMG 3185 Utsnitt Redusert

Det er trong for ny organisering av Hosanger Dampbåtbryggja. Styret har kontakta Bergen og Omland Friluftsråd som ønskjer å overta bryggja vederlagsfritt som statleg sikra friluftsområde. Dei vil dekkje overdragingskostnadene og har søkt Miljødirektoratet om støtte til oppmåling, tinglysing mm. Styret meiner dette vil bli ei varig og god lysing for at dampbåtbryggja framleis skal vere eit samlingspunkt i bygda og til glede for eit aktivt friluftsliv.

 Me oppmodar arvingane til lutbreva om å melde seg til styreleiar Lars Mjøs, Tveitavegen 6, 5282 Hosanger, mobil 416 28 531, lars@mjos.no innan 20.03.2021.

 Når me har fått oversikt over kven som er luteigarar, vil me kalle dei inn til generalforsamling, anten som fysisk møte eller ved hjelp av digital kommunikasjon.

 

Nærare informasjon finn du i desse dokumenta:

Orientering til generalforsamlinga.

Om Hosanger dampbåtbryggja (kort orientering ved Lars Mjøs).

Kart som syner laget sine eigedomar og utbyggingar ved Lars Mjøs.

Bygnings og kaisoge (notat ved Lars Mjøs).

Statuttar frå 1903.

Uutfylt lutbrev/aksjebrev frå 1903.

Eit utval bilete.

Liste over registrerte luteigarar.

Innmelding av eigarskap til lut(ar)/ aksje/aksjar. Skjema.

Intensjonsavtale med Bergen og Omland Friluftsråd av 11.12.2020.