Kva skjedde 2012

Sesongopning laurdag 2.juni 2012

Elles i sesongen ope søndagar kl 15.00 - 18.00

Opning av Makakunstløypa kl 13.00 i Kossdalen.

Treskoverkstaden opnar kl 13.00. Ope til kl 18.00.

Loftet med gamalt og nytt opnar kl 15.00. Ope til kl 18.00.

Mjøsvågen Kafe opnar kl 15.00. Ope til kl 18.00.

Galleri Mjøsvågen ved Osterøy kunstlag

Sesongopning kl 16.00. Ope til kl 18.00.

2.juni -7.juli

Sveinung Iversen, etsingar / etchings

Jamie Donkey, miks av media bilder  / mixed media photos (i Mjøsvågen Kafé)

Les Bygdanytt-oppslag frå opninga her (1) og her (2) .

 

D/S Oster til Torgdag i Bergen laurdag 9.6.12 Avreise frå Hosanger/Mjøsvågen kl 08.00 Retur til Hosanger/Mjøsvågen kl 17.50

Opning søndag 1. juli 2012  kl 15.00

1.juli - 26.aug Silje Hagebø, maleri / painting (i Mjøsvågen Kafé) Les artikkel i Bygdanytt 4.7.2012; Kjensleladd kunstopning. Foto: Bygdanytt.

 

Opning søndag 29. juli 2012 kl 15.00

29.juli - 26.aug  Borgny Svalastog, M.B. Landstadutstillinga “Himmelrikets blomster gror” / M.B. Landstad exhibition “Heavenly flowers grow” (i Hosanger Kyrkje). Opningsdagen: Inger Løken frå Landstadsenteret i Bø orienterer om utstillinga, om kunstnaren og kulturmannen Landstad. Liv Skoglund og Kristoffer Foldøy presenterer Landstad i ord og tonar. Kl 18.00-18.30; kveldssong i kyrkja.

 

Ope søndagar kl 15.00 - 19.00 og torsdagar kl 17.00 - 19.00 Tilskipar for utstillinga: Osterøy kunstlag og Hosanger sokneråd med støtte frå Hordaland fylkeskommune. Dei dagane utstillinga er open, vert det og ein minikonsert i kyrkja kl 18.00 - 18.30 For konsertprogram, sjå her.

Mjøsdalsdagen 2012 laurdag 25.august 2012

12.00 - 14.00 Fiskekonkurranse. Oppmøte på kaia. Premiering for minst, størst og mest fangst. Både frå båt og frå land. 13.00-18.00 Kafeen er open for sal av is, brus,vaflar og varmmat. Salsbuer og aktivitetar for alle på kaia. Kunstutstilling i Gallerihuset og i kafeen. Treskoverkstaden med omvising og sal av nye tresko. Loftet med gamalt og nytt - Norlender strikkeplagg og Retro. Riding med hest og klapping av geit.

15.00 - 19.00 Kunstutstilling i Hosanger kyrkje Borgny Svalastog - M B Landstad-utstillinga "Himmelrikets blomster gror"

15.00 Triathlon stafett eller aleine - symjing 400 m, sykling 14 km og springing 3 km.

16.00 Duathlon for borna - springe- og sykkeletappe. Aldersgrupper; under 5 år, 5-8 år og 9-16 år.

18.00 - 19.00 Fotballkamp på Prestemyre - ungane vs. dei vaksne (i utkledning)

20.00 Pubkveld i Mjøsdalen ungdomshus med levande musikk av Tajei Vatne. Bill kr 100,-

Sesongavslutning søndag 26.august 2012, ope kl 15.00-18.00 Kl 13.00 Sundagstur i Kossdalen. Oppmøte ved Mjøs Metallvarefabrikk. Utforsking av Markakunstløypa ispedd litt historikk og lokalhistorie. Kl 18.00 Konsert i Hosanger kyrkje Vrimmel: Steinar Strand Hansen, gitar, seljefløyte, song/kveding, Anna Margareth Breivik, cello, torader & song, Sofie Mortvedt, fiolin, hardingfele, torader, song.

Markakunstopning _2012 Oster _te _bydn Silje _250