Kva skjedde i 2010

Sesongopning i galleriet Laurdag 5 . juni 2010 kl 15.00 er det sesongopning i galleriet. Det vert ei utstilling med tidlegare utstillarar i Galleri Mjøsvågen. Sjå plakat og pressemelding .

Sesongopning i Mjøsvågen kafe og i Treskoverkstaden Opnar søndag 13. juni 2010 kl 13.00 - 18.00. Ope kvar søndag til og med søndag 22. august 2010 kl 15.00 - 18.00

Ostereidet kyrkjelyd og dampbåten Oster kjem søndag 13. juni Gudsteneste i Hosanger kyrkje: NB kl 12.00. Sal av betasuppe om bord i Oster kl 13.00 - 15.00. Sesongopning for Mjøsvågen kafe og Treskoverkstaden kl 13.00. Ope galleri.

Galleriopning lørdag 31. juli kl 15.00 Hennie Anderson er tilbake på Osterøy med nye, fargerike oljemaleri og trykk. Galleriet er ope lørdagar og søndagar kl 15.00 - 18.00. Utstillinga står t.o.m. 29. august 2010.  Arrangør: Osterøy kunstlag

Helga laurdag 13. og søndag  14. august 2010 er alle våre tilbod opne både laurdag og søndag Opningstid kl 15.00 - 18.00. Det utvida tilbodet er i samband med Ole Bull spelet på Valestrand og opninga av Kystsogevekene på Valestrand laurdag 14.8.kl 16.00. Sjå heimesidene til Ole Bull-spelet og Kystsogevekene Me tilbyr ved Mjøsvågen: Kunstgalleri, Hennie Andersen Galleributikk, sal av flott kunsthandverk Treskoverkstad, omvising og sal Kisteloftet, utstilling av kister laga i Mjøsvågen Kafe, sal av vaflar, kaffi, te, is og brus

Mjøsdalsdagane laurdag 21. og søndag 22. august 2010 Ta med deg venner og kjende til ei opplevelserik og deltakande helg i Mjøsvågen; kunst , kultur og idrett. Her kan du som barn og vaksen oppleva:
LAURDAG 20. AUGUST Kl.12.00: Fiskekonkurranse. Påmelding på kaien frå kl 11.30.
Frå kl 14.00 - ca 18.00: Aktivitetar på kaien: Utkledningsstafett kl 15.00: 4 etappar; ein med tresko, 2 springing, ein symjeetappe Sykkelløp for små og store på to eller trehjulssykkel kl 15.30 Her kan du sjå på plakaten for utkledningsstafetten og sykkelløpet. Hesteskokasting, lykkehjul. All påmelding på kaien. Kåring av årets storfiskar.

Åshild Kanstad Johnsen les frå si ferske barnebok ”Kubbe lagar museum”. Åshild Kanstad Johnsen les frå si debutbok i 2 omgongar. Boka passar like godt for vaksne som for barn. Ho har med bøker for salg.  Baka er i år hovudbok i Bokklubben barn. Her kan du lese meir om Kubbe og om forfattaren i medlemsbladet; Kubbe1 , Kubbe2 , Kubbe3 . Åshild Kanstad Johnsen har tidlegare stilt ut i Galleri Mjøsvågen.
Salgsutstilling av Hennie Andersen sine maleri og trykk, galleributikk med mange flott handlaga ting, omvisning og sal av tresko i Hosanger treskofabrikk. På kaien blir det sal av suppe og hot dog. Kafe med sal av kaffi og kaker.

Galleriet, treskoverkstaden og kafeen er opne frå kl 14.00 - 18.00.
Kl.18: Konsert med storbandet ”Paradis big band” i Kafeen. Sal av billettar i Galleriet.

Parkering ved kyrkja og ved Mjøs Metallvarefabrikk (retning Kossdalen).
SØNDAG 21.AUGUST Friluftsgudsteneste: Vandring frå Hosanger kyrkje kl. 11.00 til inst i Kossdalen der det vert gudsteneste i Guds frie natur (kl. 12). Bilskyss frå kyrkja for dei som treng det. Om veret er dårleg, vert det gudsteneste i Hosanger kyrkje kl 11.00.

Kafeen opnar etter gudstenesta (ca kl 14.00 om veret er bra og det er gudsteneste i Kossdalen og ca kl 12.00  om veret er dårleg og det er gudsteneste i kyrkja) og avsluttar sesongen kl 18.00. Galleriet og Treskoverkstaden er opne kl 15.00 til 18.00.

 

Galleriopning 25.november 2010 (klokkeslett kjem seinare) Juleutstilling med lokale kunstnarar

Oppdaterte opplysningar kjem etterkvart. Følg også med på/ klikk på "opplevingar" og undermenyar.

Mannekeng Oster Publikum _250 Shild _leser _fra _sin _bok _Kubbe _lager _museum _250 Storband 2_250