Kva skjedde i 2009

Sesongopning 24. mai 2009 kl 17 Galleri Mjøsvågen: "Augon & døtre" Augon Johnsen med døtrene, Åshild og Mari. Gunnar Stålesen opnar utstillinga.

D/S Oster kjem til Hosanger laurdag 6. juni 2009 Laurdag 6.6.09 er det Torgdag i Bergen. D/S Oster tek med seg passasjerar frå Hosanger kl 08.00 om morgonen. På returen vert D/SOster frå ca kl 18.00 liggjande til kai ved Hosanger dampskipsbryggja, slik at passasjerande kan vitje Galleri Mjøsvågen og Treskoverkstaden. D/S Oster er open for publikum med sal av kaffi og nysteikte vaflar. Vel møtt til alle!

Kyrkjekafe søndag 14. juni 2009 kl 12.00 Etter gudstenesta i Hosanger kyrkje kl 11.00 er alle velkomne til kyrkjekafeen som er open til kl 18.00.

Utstillingsopning søndag 21. juni 2009 kl 14.00 Opning av ny utstilling i Galleri Mjøsvågen; The house of Mothers. For salg PORTRETT LAGA AV INGEBORG LOVEN NOREKVAL OG STIG ARILD HANSEN. KURATOR KJELL-ERIK RUUD.

Samstundes opnar UTSTILLING AV KISTER LAGA I MJØSVÅGEN frå siste del av 1800-talet og framover. Musikk ved opninga. Open kafe og treskoverkstad frå kl 15.00.

Kyrkjekafe søndag 5. juli 2009 kl 12.00 Etter gudstenesta i Hosanger kyrkje kl 11.00 er alle velkomne til kyrkjekafeen som er open til kl 18.00.

Kyrkjekafe søndag 26. juli 2009 kl 12.00 Etter gudstenesta i Hosanger kyrkje kl 11.00 er alle velkomne til kyrkjekafeen som er open til kl 18.00.

Utstillingsopning søndag 8. august 2009 kl 15.00 Opning av ny utstilling i Galleri Mjøsvågen; Ullne rom.

Kyrkjekafe søndag 16. august 2009 kl 12.00 Etter gudstenesta i Hosanger kyrkje kl 11.00 er alle velkomne til kyrkjekafeen som er open til kl 18.00.

Mjøsdalsdagane fredag, laurdag og søndag 21. - 23. august 2009 Tradisjonen tru skipar Mjøsdalen grendaråd til Mjøsdalsdagar som inngår i Kystsogevekene.
Fredagskvelden vert det  kyrkjekonsert. Kl 20.00 i Hosanger kyrkje. Unge musikarar - unge tonar. The Ritz Band saman med Steinar Hjelmbrekke (rock) og Katrin Standnes (jazz). Arr: Hosanger sokneråd og Mjøsdalen musikkverkstad.
Laurdag vert det konkurransar, leik, servering og  underhaldning på kaia. Kl 12.00 - 14.00 Fiskekonkurranse. Påmelding frå kl 11.30. Kl 16.00 Stafett,. m.a. etappar med treskospringing og symjing. Galleriet, treskoverkstaden og kafeen er opne frå kl 14.00 - 18.00.
Laurdag ettermiddag vert det konsert i kafeen. Kl 18.00 Marthe Valle, spelemannsprisvinnar 2005.
Kl 21.00 Pubkveld i ungdomshuset. Søndag er det gudsteneste inst i Kossdalen kl 12.00. Mjøsvågen kafe er open frå kl 14.00 til 18.00. Galleriet og treskoverkstaden er opne frå kl 15.00 til 18.00. Kl 14.00 Kulturvandring rundt Mjøsvågen. Kl 12.00 - 15.00 Fabrikkutsal hjå Norlænder Knitwear.

Staalesen _Johnsen Treskostaffett Oster _ved _kai