Velkomen til Mjøsvågen!
Mjøsvågen ligg i bygda Hosanger på Osterøy berre ein liten time frå Bergen. Opplev kunst, kultur og natur i eit aktivt bygdemiljø.
Organisasjonen vener av Mjøsvågen legg til rette for gode møteplassar og gode opplevingar.
- Du kan ta deg fram på eiga hand.
- Du kan kome på våre tilskipingar og i våre opningstider.
- Du kan kome til fots, med sykkel, bil, båt og med rutebuss.
Mjøsvågen er eit verna naust og verkstadmiljø der me no tilbyr nytt liv i bygningane og områda rundt.