Søknad LivOGLyst

For å lage ein god søknad og eit godt prosjekt er det viktig med tidlig mobilisering lokalt.

Start mobiliseringa slik:

1. Start lokalt
Samle eit "team" som arbeid med utforming av ei enkel prosjektskisse. Bruk prosjektskissa som kladd til utforming av sjølve søknaden.

2. Avsparkskonferansen
Her vert det gjeven god informasjon om LivOGlyst-programmet og søknadsprosessen. Det vert lagt til rette for at kommunar og lokalsamfunn som ønskjer det kan kome i gang med idédugnad og si skisse til LivOGLyst-søknaden.

3. Pre-kvalifisering av søknad
Alle søkjarar må sende inn ein søknad om pre-kvalifisering. Arbeidsgruppa prioriterer søknadane og dei søknadar som vert prekvalifisert får høve til å justere sin søknad innan den endelege fristen.

4. Endeleg søknadsfrist. (gjeld kun for dei pre-kvalifiserte søknadar)

5. Vedtak om utveljing av og tildeling til prosjekt. (skjer i desember)

 

Kven kan søkje

Dei som ønskjer å mobilisera for entreprenørskap, bulyst og trivsel for mange lokalt, og dei som vil utvikla ein forretningsidé i lag med andre. Realisér visjonane med LivOGLyst!

Nokre kriterier:

  • Prosjekta skal vera tufta på eit samarbeid mellom fleire lokale aktørar (lag, organisasjonar, entreprenørar, eldsjelar osb.).
  • Det skal takast likeverdig omsyn til lokal verdiskaping og entreprenørskap og til tiltak retta mot sosial mobilisering, nettverksbygging, identitetsskaping, trivsel og bulyst.
  • Dei medverkande prosjekta og aktørane i lokalsamfunna skal leggja vekt på dette som eit heilskaplege samspel i det å skape attraktive lokalsamfunn - i by eller bygd.
  • Rom for mangfald i LivOGLyst-prosjekt. Ungdom, kvinner og migrantar er viktige målgrupper.
  • Kommunen må vera med på laget og bidra med kr 30.000,- til LivOGLyst-treårige prosjekt.
  • Kommunen må stille opp som førstelineteneste for alle prosjekt.

 

Alle får føremon
Alle som søkjer får vere assosierte medlemmar av LivOGLyst, og får med dette tilgong til ei rekkje tilbod gjennom LivOGLyst-programmet. Alle søkjarar får tilbod om:

  • Felles kompetanse- og kurstilbod.
  • Nettverksdeltaking.
  • Gratis nettside.

 

Elektronisk søknad
Alle søknadar om deltaking i LivOGLyst skal registrerast og sendast elektronisk på www.regionalforvaltning.no (støtteordning LivOGLyst)