Om LivOGLyst

Fylkestinget i Hordaland vidarefører LivOGLyst
Fylkestinget vedtok i desember 2015 å vidareføre LivOGLyst med kr. 800 000 til lokalsamfunnsutviklingstiltaket LivOGLyst for 2016.

LivOGLyst-programmet si satsing vert viktig i arbeidet med lokal samfunnsutvikling for å skape attraktive bu- og arbeidsområder /senter vert vidareført og er med å realisera måla i Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017 og det prioriterte innsatsområdet "Ein velfungerande Bergensregion og attraktive regionale sentra", som er uttrykt i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

 


LivOGLyst-programmet

Sia starten i januar 2008 er det etablert eit velfungerande system for opptak av prosjekt:

  • gradert tildeling av utviklingsmidlar.
  • skreddarsydde kompetansetiltak.
  • rådgjevingsteneste, gjennom ei operativ LivOGLyst-arbeidsgruppe.
  • omfattande nettverk som legg til rette for konkrete møteplassar.
  • LivOGLyst-prosjekta får tilbod om gratis nettside.
  • kurstilbod i regi av LivOGLyst og LUK-satsinga.
  • utvikla og arrangert konferansen Vestlandsk Vidsyn.
  • LivOGLyst skal følgje kalenderåret (gjeld frå og med 2013).

 

Hovudprinsipp for LivOGLyst-satsinga:
Basert på erfaringane skal programmet ha følgjande hovudprinsipp:

  • Felles plattform og metodikk som utgangspunkt.
  • Langsiktig kopling mellom entreprenørskap og mobiliseringsprosessar.
  • Prosjekt som er egna til å løyse særskilte utfordringa.
  • Nettverksdanning, erfaringsutveksling, samhandling og kompetanseheving.
  • Ungdom, kvinner og migrantar er viktige aktørar i arbeidet.
  • Kommunane og deira fyrstelineteneste må delta aktivt.
  • Satse både i distrikt og bymiljø, større bygdemiljø.
  • Kompetanselyft for prosjekta.

 

LivOGLyst-programmet inngår det ein kompetanseplan som er skreddarsydd for prosjekta og er basert på deira ønskje. Føremålet er hjelp til sjølvhjelp innanfor viktige område av prosjektutviklinga. 

Kontaktpersonar