LivOGLyst i Hordaland

Utvikling og skaparkraft gjennom LivOGLyst - program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland.

LivOGlyst logo

LivOGLyst-konferansen 2017

 

Partnarskapen ved Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterar til LivOGLyst-konferanse 26. september for prosjektåret 2018.

Partnarskapen samarbeider for å stimulere lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunn på ein systematisk og vedvarande måte. LivOGLyst-programmet i Hordaland er tufta på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar.

 

LivOGLyst-programmet tilbyr:

Éi dør inn til det regionale virkemiddelapparatet

Økonomisk stønad

Ei rettleiande og kompetant arbeidsgruppe

Kompetanseheving, erfaringsutveksling, nettverk

 

LivOGLyst-programmet byggjer på:

Lokal brei mobilisering «nedanfrå og opp»

Kommunal medverknad

Fokus på lokalsamfunnsutvikling og næringsutvikling

 

Målgruppa for konferansen
Alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling og entreprenørskap: Eldsjeler og andre, samt kommunerepresentantar frå politisk og administrativt nivå.

 Det vert arrangert workshop om tema som er aktuelle for alle dei deltakande, men her blir det óg lagt til rette for at dei som ønskjer det, kan kome i gang med idédugnad og skisse til LivOGLyst-søknad.

 

Det er inga påmeldingsavgift. Arrangør spanderer pausebuffét og lunsj. Reiseutgifter må bli dekka av kommunen og/eller dei påmeldte sjølve.

Påmelding

Program

 

LivOGLyst-konferansen 2017

Livlyst Large Farger

Partnarskapen ved Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterar til LivOGLyst-konferanse 26. september for prosjektåret 2018.

Kårbø – bygda som boblar over av idear

Frukthaust

For ti år sidan hadde bygda Kårbø på Holsnøy i Meland kommune berre nokre få innbyggjarar, og fleire gardsbruk sto til nedfalls. Men Arne Rene Bratland kjøpte ein gard, og starta noko som kom til å endre bygda. Etter det kjøpte Jon Atle Tvedt ein annan gard og så kom to andre eldsjeler til. Saman med dei som var der frå før byrja dei planlegginga av det som skulle bli eit nytt liv for bygda.

LAGA - det lille ekstra mot helg får du i Samnanger

LAGA

LAGA er eit samvirkelag på Bjørkheim i Samnanger som sel lokalt produserte mat- og handverksvarer. Derfor namnet LAGA, som tyder heimelaga. Ideen blei til då åtte personer trengte ein stad å selje varene dei produserte. Seks av dei held fram med ideen, og er no partnarar i samvirkelaget.

Kvit dame, pizza og kultur på same staden

Kulturbakeriet -prestegarden

Kulturbakeriet på Austevoll starta opp i mars 2010 i den restaurerte Prestagarden på Storebø i Austevoll kommune. Bakeriet var populært frå første dag og skapte ein etterlengta ny møteplass for Austevollingane.

Espevær - utkanten som har blitt sentrum

Espevaer -hamn

– Ein må først bestemme seg for at ein vil skape noko, men resultata kjem berre gjennom hardt arbeid. Det seier Jan Helmik Mæland, prosjektleiar i Espevær 365 +, som har vore del av LivOGLyst i tre år.