LivOGLyst i Hordaland

Utvikling og skaparkraft gjennom LivOGLyst - program for lokal samfunnsutvikling i Hordaland.

Frukustseminar om Asset Based Community Development

 

Høgskulen på Vestlandet og Hordaland fylkeskommune inviterar til frukostseminar med Cormac Russel. Russel har meir enn 20 års erfaring med ABCD, frå alle kontinent.

 

ABCD er ein strategi og ei styrkebasert tilnærming til lokalsamfunnsutvikling. ABCD er eit verktøy som gjev endringskompetanse og fremjer deltaking, empowerment og sosial kapital. ABCD har eit ressurs- og lokalsamfunnsfokus, i kontrast til fokus på «behov» definert av ytre ekspertar. ABCD er eit sett av tilnærmingar for å identifisere og mobilisere ressursar i lokalsamfunn, og for å få til utvikling og forpliktande samarbeid på tvers av organisajonar og sektorar.  ABCD kviler på ein strategi for bærekraftige lokalsamfunn og søkjer å styrkja det sivile samfunn.

 

 

Seminaret er ope for alle og finn stad i Møllendalsvegen 8, 7. høgda rom M8 502. den 3.april frå 08.30-10.00. Seminaret blir på engelsk.

 

 

Høgskulen på Vestlandet underviser i ABCD og samarbeider med Hordaland Fylkeskommune om bruk av metoden i lokalsamfunnsutvikling.

 

 

Det vert frukostservering og der er difor ynskeleg med påmelding til: ihmi@hvl.no innan 22. mars.

 

 

Velkomen!

 

 

Kårbø – bygda som boblar over av idear

Frukthaust

For ti år sidan hadde bygda Kårbø på Holsnøy i Meland kommune berre nokre få innbyggjarar, og fleire gardsbruk sto til nedfalls. Men Arne Rene Bratland kjøpte ein gard, og starta noko som kom til å endre bygda. Etter det kjøpte Jon Atle Tvedt ein annan gard og så kom to andre eldsjeler til. Saman med dei som var der frå før byrja dei planlegginga av det som skulle bli eit nytt liv for bygda.

Kvit dame, pizza og kultur på same staden

Kulturbakeriet -prestegarden

Kulturbakeriet på Austevoll starta opp i mars 2010 i den restaurerte Prestagarden på Storebø i Austevoll kommune. Bakeriet var populært frå første dag og skapte ein etterlengta ny møteplass for Austevollingane.

Espevær - utkanten som har blitt sentrum

Espevaer -hamn

– Ein må først bestemme seg for at ein vil skape noko, men resultata kjem berre gjennom hardt arbeid. Det seier Jan Helmik Mæland, prosjektleiar i Espevær 365 +, som har vore del av LivOGLyst i tre år.