Kurs i forretnings- modellering (2 dagar)

Kurset er spesielt lagt til rette for rettleiarane på kom-an.no.

Når

- 11. september 2013 12:00

Kvar

VilVite Bergen

Pris

Gratis,-

Partnarskapen i Hordaland inviterer rettleiarane på kom-an.no til kurs i forretningsmodellering. Kurset er lagt opp som ei «lunsj til lunsj»-samling, frå klokka 12 første dag til klokka 12 andre dag.

 

Føremålet med kurset er å gje rettleiarane i Hordaland kompetanse i å nytte seg av metoden og verktøyet «Business Model Canvas» (BMC). Over to dagar får deltakarane fagleg forankring i metoden og verktøyet, samt trening i å nytte dette i reelle situasjonar med etablerarar.

 

Dette kurset er ei fordjuping av den korte gjennomgangen av BMC vi hadde på kom-an samlinga 17. april.  Såleis er dette kurset relevant både for dei som var med på den samlinga og for dei som enno ikkje har fått innføring i dette verktøyet.

 

Kurset er mynta på rettlaiarane representert på kom-an.no, som har fyrste rett til deltaking.

Stad: VilVite-senteret, Bergen.

Tid: 10. september 2013, kl. 12:00-18:00, 11. september 2013, kl. 08:00-12:00.

Kurset er gratis for deltakarane, men kvar og ein held eventuell overnatting sjølv.

 

Kursinnhald:
Tysdag 10/09:
12:00: Lunch & Kunnskap. Introduksjon til entreprenørskap. Kva skil oppstartsselskap frå etablerte verksemder. Dei 10 ulike innovasjonstypane.
12:10: Visjon i forhold til "hårete mål"
12:30: Korleis skrive ein forretningside?
13:00: Grundig gjennomgang av forretningsmodellen sine 9 byggeklossar
14:00: Praktisk arbeid med caser
18:00: Avslutning faglig innhald
19:00: Middag @ Sjømatkirken

Onsdag 11/09:
08:00: SWOT-analyse av forretningsmodell
08:45: Utarbeiding av budsjett basert på forretningsmodellen
09:30: Aktørene på VilVite: Nyskapingsparken, Connect Vest og Sarsia Seed
10:30: Kompetanseanalyse
10:45: Konkurrentanalyse og korleis skape konkurrenthinder
11:00: Trendanalyse
11:15: Lunch & Kunnskap. Korleis presentere forretningsideen sin for investorar?

 

Ved kursets slutt får alle deltakarane diplom for fullført kurs, samt tilgang til presentasjonar, videoar og verktøy for vidare bruk!

Kurshaldar er Casper Lund, BTO.

Bonus 1:

Ved sida av kursets faglege innhald vil vår eminente kurshaldar, Caspar Lund frå BTO, vise fram særskilt relevante miljø for dykk som rettleiarar, som er etablerte på Marineholmen. Her finn me mellom anna Bergen Teknologi Overføring og Connect Vest, Nyskapingsparken Inkubator og investeringsfondet Sarsia, som er miljø som arbeider med koplingar mellom gründerar og næringslivet. Me håpar dette vil kunne vere med på å auke dykkar tilvisingskompetanse i møte med kundar!

Bonus 2:

I tillegg til lunsj under kurset, inviterer me alle deltakarane på felles middag i Sjømatkirken, restau-ranten i Bergen med ferskast fisk og den beste utsikta(!). Partnarskapen i Hordaland betalar for middag, drikke held deltakarane sjølve.

 

Ved spørsmål om kurset kontakt:

Jostein Farestveit
jostein.farestveit@hfk.no
Tlf. 55 23 93 47

Infoside

-

Påmelding

http://kurs.hfk.no/Kurs-og-konferansar/2013/Forretningsmodellering-2-dagar/