| Vestlandsforteljing nr. 7 Russarfangane - krigsfangar til festningsarbeid |
|
søndag, 1. august 2010, 14:00 - 15:00
|
Om forteljinga Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og klede. Krigsfangane sjølve gjorde det dei kunne for å sabotera anleggsarbeida. Dette er ei vandring i bratt terreng, 600m.
Tidspunktet er tilpassa rutebuss. Bergen - Fjell Gard kl. 13.08, Fjell Gard - Bergen kl. 17.20). For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Forteljing vert fortalt på norsk.

Meir informasjon her
|
|
Stad: Oppmøtestad: Gjerdet kulturminnegard, Fjell gard |
|