| Vestlandsforteljing nr. 1 Adnestova - heimen til fiskarbonden |
|
måndag, 2. august 2010, 14:00 - 14:45
|
|
Adnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæl. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen.
Tidspunktet er tilpassa rutebuss (Bergen-Sæle kl 12.08, Sæle-Bergen kl 16.10). Det er 300 m. å gå frå busstopp til Adnestova. For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Forteljing vert fortalt på norsk.

Meir informasjon om arrangementet her.
|
Stad: Adnestova, Nordre Sæle 5334 Hellesøy Kontakt: Egil Asbjørn Sæle |
|