2nd_banner_2
  Skriv ut>
Vestlandsforteljing nr. 3, Hernar - ein utpost til Nordsjøen
onsdag, 4. august 2010, 15:45

Om forteljinga
Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå ”Englandskaien” under den andre verdskrigen.

For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Forteljing vert fortalt på norsk.

Rutebuss frå Bergen kl.14.13, kjem til Hellesøy kl 15.45
Rutebåt frå Hellesøy kl. 15.50, kjem til Hernar kl. 16.05.
Rutebåt frå Hernar kl. 16.45, kjem til Hellesøy kl. 17.05.
Rutebuss frå Hellesøy kl. 18.10, kjem til Bergen, kl 19.55

hernar

Meir informasjon om forteljinga her

Stad: Oppmøte på rutbåtkaien på Hellesøy, Øygarden

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank