| Vestlandsforteljing nr. 2 Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis |
|
tysdag, 3. august 2010, 13:00 - 14:30
|
|
Om forteljinga Frå Nordsjøfartmuseet i Telavåg går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet. Dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen. På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år. På denne turen får du innblikk i fiske før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida. Du må gå 1 km. i terrenget for å koma til Selstøbuene. Terrenget kan vera vått.
Tid og busstider Tidspunktet er tilpassa rutebuss (Bergen - Telavåg kl. 11.38, Telavåg - Bergen kl. 15.20 / 17.20). For å få med deg ei forteljing, må du møta opp i god tid på staden. Der får du kjøpt ein billett hos forteljaren. Forteljing vert fortalt på norsk.
Meir informasjon om forteljinga

|
|
Stad: Nordsjøfartsmuseet Telavåg, Sund |
|