2nd_banner_2
  Skriv ut>
Oppmuntringskveld for bønder
laurdag, 31. juli 2010, 19:00 - 23:00

Humørbonden frå Hjelmås Geir Styve vil halde innlegg til trøyst og oppmuntring. Velkommen til kulturløo på Bjørge i Lindås kommune.

Glade bønder
Unge bønder frå dei fem nordhordlandskommunane er gått saman for å etablera ein ny organisasjon på tvers av etablerte faglag og kommunegrenser. Glade bønder er eit nyleg oppstarta pilotprosjekt i regi av Fylkesmannen i Hordaland si ungdoms- og rekrutteringssatsing. Arbeidsgruppa frå Nordhordlandskommunane som står bak ideen om Glade bønder, har stor tru på at positivitet, trivsel, openheit, mangfald og yrkesstoltheit er drivkrafta bak jamn og allsidig rekruttering til næringa.

Visjon å dyrka glød og begeistring
Organisasjonen Glade bønder har som visjon å dyrke glød og begeistring, og vera pådrivar for ny og meir synleg landbruksaktivitet i Nordhordlandsregionen.

Oppmuntringskveld 31. juli
Mat og drikke tar du med deg. Me gjer grillen klar, så er det opp til deg om du vil grilla eller om du har noko anna i piknikkorga!

Elles vert fokuset på det sosiale. Musikkanlegg står til disposisjon og visst nokon tar med ein gitar er det supert.

Det er inga påmelding til arrangementet men det hadde vore kjekt med ein epost eller melding frå dei som veit dei kjem til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller telefon 915 32 450. Så må de berre fylla opp bilane med ”etterpånølarar” og gjester, her er alle velkomne!

Stad: Kulturløo på Bjørgo, Lindås kommune
Kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller telefon 915 32 450

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank