| Om Åkrabygda |
|
Åkra er ei solrik bygd med fin natur og eit flott kulturlandskap. I sommarhalvåret møter du på både geiter og storfe langs vegen innover, og når du kjem til bygda, kan du sjå både hestar, kyr, geiter og sauer som beiter. Her kan du nyta stillheten, høyra på elvasus, bølgeskvulp og sauebjøller. Åkra ligg lengst sør i Kvinnherad kommune, på nordsida av Åkrafjorden. Naturen gjev mange høve for friluftsliv, både ved sjøen og til fjells. Det er fleire fine hytter som kan leigast i området. Det kjem mange turistar til området, men her er plass til fleire! Det er gode oppvekstvilkår for barn i bygdene våre, med nærkontakt med dyr og natur. Me har oppvekstsenter, som omfattar barnehage, barne- og ungdomsskule. Åkra har vegsamband med andre deler av landet via Rosendal. Sambandet sørover går med ferje mellom Matre og Skånevik. Telekommunikasjonane er gode, med fiber frå Kvinnherad Breiband. Butikken ligg på Øyro og er viktig for bygda. Dei største arbeidsplassane er skulen og jordbruket. Mange pendlar til andre delar av Kvinnherad på jobb. Fakta |