2nd_banner_2
Øvrige ressursar - Kom-an.no
Øvrige ressursar

Det finst nasjonale ressursar som er tilgjengelege for deg som entreprenør eller idéutviklar. Her kan du finne nyttige ressursar og søkje råd direkte, i tillegg til dei ordningane som finst i Hordaland. Søkjer du råd til eiga bedrift, korleis starte bedrift, eller treng du nokon å diskutere vegen vidare med?

Bedin
Bedriftsinformasjon (Bedin) er ein nasjonal ressurs for alle som søkjer rådgjeving kring tema drift eller utvikling av bedrift eller organisasjonar.

Les meir på Bedin.

Narviktelefonene
Ring gratis til Narviktelefonene på 800 33 840. Her kan ein ta kontakt direkte med ein bedriftsrådgjevar på telefon om ein lurer på noko, eller ønskjer å diskutere næring eller utvikling kring eiga bedrift eller organisasjon.

Les meir om Narviktelefonene.

VINN
Etablerer.no inneheld ein elektronisk etablererskole og ein interaktiv møteplass for etablering av eiga verksemd. Tilbodet er gratis, og tenesta er utvikla og blir drifta av VINN med støtte frå Innovasjon Norge.

Les meir på etablerer.no

Bedriftshjelp
Bedriftshjelp.no er ein nasjonal portal for deg som treng hjelp til å finne ei grei oversikt over støtteordningar. Portalen er drifta av Nærings- og handels- departementet med god hjelp frå mange offentlege aktørar.

Les meir på bedriftshjelp.no

Altinn
Altinn sin interne side om hjelp til for dei som skal starte eller drive bedrift. Her finner du enkle svar på spørsmål om regler for å starte og drive eigen bedrift.

Les meir på Altinn.no

Patententstyret
Patentstyret skal hjelpe norsk næringsliv å styrkje verksemda si gjennom kunnskap om industrielle rettar - slik at bedriftene vil sikre investeringane, konkurranse- posisjonane sine og skape økonomisk vekst i det norske samfunnet.

Les meir om Patentstyret.

Norsk Designråd
Designrådet sitt formål er å fremme bruk av design som et strategisk innovasjons- verktøy for å oppnå større konkurranseevne og lønnsemd i norsk industri og næringsliv.

Les meir om Norsk Designråd.

SIVA
SIVA har som oppgåve er å utvikle næringslivet i distrikta. Dei tilbyr kapital, kompetanse og nettverk. SIVA sitt  konsept inkluderer inkubatorar, forskings- og kunnskapsparkar, næringshagar og industri-inkubatorar. I tillegg har dei etablert fleire investeringsselskap saman med andre investorar. SIVA samarbeider med Norges forskningsråd, Innovasjon Norge og fylkeskommunane.

Les meir om SIVA.

 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank