2nd_banner_2
Finansieringsordningar i Hordaland - Kom-an.no
Finansieringsordningar

Om du skal utvikle eit selskap eller starte eit utviklingsprosjekt, treng du finansiering. I Hordaland er tilgong på finansiering, støtte og stipend avhengig av kva du skal starte med, og kor du bur.

Under "finansieringsressursar" finn du ei oversikt over dei viktigaste finansierings- og støtteordningane i Hordaland, kven som er tilbydarar, og kven som kan søkje. Nokre av ordningane er retta mot særskilte målgrupper og satsingsfelt (sjå også under STARTE), medan andre er opne for eit mangfald av store og små nyetablerarar og/eller utviklingsprosjekt.

  • Offentlege tilskot og stipendordningar kan vere spesielt retta mot einskildbedriftar og/eller utviklingsprosjekt i tidleg fase.

  • Det er forskjellige ordningar for einskildbedrifter og for lokale- og regionale utviklingsprosjekt. Einskildbedriftar kan søkje om finansiering frå Innovasjon Norge, medan Hordaland fylkeskommune sine finansieringsordningar er primært retta mot tilrettelegging for næringsutvikling gjennom utviklings- prosjekt.

  • Nokre av ordningane gjeld for heile fylket, medan andre er påtenkt spesielle regionar eller kommunar ut frå nasjonale retningsliner for bruk.

  • Avslutningsvis i lista over finansieringsressursar har vi teke med ein del private finansieringskjelder. Her er også ei grei oversikt over skilnaden mellom Business Angels, Såkornfond, Venturefond og Investorkapital.

Les meir om aktuelle finansieringsordningar under ”finansieringsressursar”.

 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank