Nytt frå bygdalaget i Åkra

20. februar
Liv&lyst-søknaden vår gjekk gjennom 1. runde!  No er det berre 14 prosjekt att, som kjempar om 5 "plassar".

6. februar
Torsdag 11.febr kjem Innovasjon Norge i gymsalen. Sjå annonser og plakatar. I tillegg vil Siri Teigland vera med oss for å fortelja om "registreringstiltak/ rekrutteringstiltak" i landbruket. Møt opp!

Den 19.mars blir det årsmøte i Bygdalaget. Først blir det årsmelding/ val, etterpå blir det utlodning, kaffi og skrønekveld. 8 handplukka skrønemakarar i bygda blir no utfordra.

Styret i Åkra Bygdalag vil søkja om liv&lyst midlar også i 2010. Nålauget blir trongare og trongare med fleire og fleire søkjarar, men me lyt prøva. Heidi M. Vågen blir "prosjektleiar" dersom me når gjennom søknadsrunden.

7. januar
Åkra Bygdalag har sendt eit skriv til SIM angåande bortflyttinga  av bosscontainaren ved Øyro.

Dei ringer tilbake, og seier at denne containaren er flytta utover, fordi den kun skal nyttast av hyttefolk. Fastbuande, næringsdrivande og utleigehytter må ordna seg renovasjonsordningar sjølve, seier mannen på SIM.

1. nyttårsdag
Det har vore ei ganske aktivt år i Åkra Bygdalag. Eg vil takka styret og alle andre som har stilt opp dei siste 2 åra.

Av prosjekt framover kan nemnast:

11. februar
INNOVASJON NORGE kjem. Det er dei som sit på "støtteordningane" når det gjeld all slags nyetablering, nytenking, jordbruksidéar, bygdeutvikling og framtidstenking. Eg håpar dei mange som har idéar, møter denne kvelden.

I februar/mars blir det årsmøte og val.

I pinsehelga blir det "Åkradagar" att. Idrettslaget skipar til volleyballturnering og Åkraløp. På  søndagen blir det truleg 275- årsjubiléum for kyrkja, der me også sneiar innom ei anna markering. Me har arbeidd med å få hit tidlegare biskop Per Lønning og broren, Inge Lønning, som kåsørar. Noko musikalske innslag bør me også klara å få til. Sjå meir informasjon utover vinteren.

21. november 2009
Åkra Bygdalag vil prøvå å få hit 3G Menn frå Omvikdalen. Dei hadde stor suksess med ”7 farar i huset”. Viss dei kjem før jul, vil det truleg bli laga til eit julebord etterpå.
Dersom dei ikkje kan før jul, vil me prøva att i januar.

7_farar_i_huset

21. november 2009
Det var kjempeflott at så mange møtte opp for å høyra på Elli. Rundt 60 var tilstades, med smått og stort.

Til orientering kan nemnast at det er felt 41 hjortar i nye Åkra Hjortevald.

2. november 2009
"Elli" Nielson frå Seimsfoss kjem torsdag 19.nov 19.30 til Åkra skule for å fortelja og visa bilete frå Island. Gratis inngang. Sal av mat.

No er innspela frå Bygdalaget sendt til Kvinnherad Kommune. No går arbeidet med kommunedelplanen vidare. Me har presisert at grunneigarar ikkje er spurde, for desse innspela må sjåast på som idéar.

I februar kjem INNOVASJON NORGE til Åkra. Dei sit med tips og midlar til mange som har idéar: Fellesfjøs, slakteri, gjestebrygge, sauahus, IT-bedrifte og anna folk har lufta for meg.

BR

17. oktober 2009
Åkra Bygdalag finpussar forslaga som er laga når det gjeld kommunedelplanen for Åkra. Dei vert sende inn i god tid før fristen. Eg vil rå alle som har meiningar, idéar og forslag:   Få desse inn til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen på skjema de fekk på fellesmøtet !  Vil de bli høyrt, må de bruka internettdemokratiet !  Forslag skal vera skriftlege.

17. september 2009
Det er no sett opp eit OPENT MØTE angåande kommunedelplanen i Åkra, Baugstranda og Matre. Det blir tysdag 29. september klokka 19.30.

Dagen etter (30.sept) kan kvar og ein møta "planleggjarane" frå Kvinnherad Kommune frå klokka 14.00-18.00. Har du ideár, bør du lufta dei denne dagen!

2. september 2009
Åkra Bygdalag og Åkra Bondelag arrangerer "marknad" og landbruksdag 26.sepember ved Øyro frå klokka 12.30-16.00. Det blir leikar, open butikk, open kafé, sal av diverse mat og anna moro.

På "jurklutkastinga" er hovudpremien ei motorsag!

Dagen er ein del av dei store landbruksdagane Åkra Bygdalag er med og arrangerer. Heile laurdagen er programmet lagt til Åkra. Program finn de på www.kvinnherad.kommune.no

Pr. 2 september er rundt 60 menneske frå heile fylket påmeldt til denne helga, der programmet søndagen er lagt til Rosendal/ Omvikdalen. Det er nesten ingen deltakarar frå Matre, Baugstranda eller Åkra som er påmeldt til no. Det er enno plass til fleire!

Dei som vil selja sine produkt ved Øyro denne laurdagen, er hjarteleg velkomne. Det vil skapa ekstra liv!

Åkra Bygdalag har ordna sponsorar til 55.000 kroner, men mykje av dette vil gå ut att i utgifter. Kurset passar for alle som er interesserte i landbruk og gardsdrift. Det er staseleg festmiddag  på Rosendal Fjordhotell laurdag kveld med ordførar og gjester.

Me håpar at Åkra, Baugstranda og Matre vil bli synt fram på ein god måte denne laurdagen.

6. august 2009
Det nærmar seg vidare arbeid med Kommunedelplan for vårt område. I september blir det truleg eit fellesmøte, der Anbjørn Høivik frå Kvinnherad Kommune blir med. I dei tider blir det óg sett opp "kontortid" for dei som ynskjer å lufta sine idéar for kommunen sine reprsentantar. Det er sett ein frist i oktober for innspel til denne planen. Bygdalaget har hatt ei gruppe i sving når det gjeld tomter og areal, og dei innspela får Kvinnherad kommune.

Det er viktig at alle som har innspel nyttar dei høva som no ligg føre i september. Det som blir omtalt eller teikna inn i planane no, har nok større sjanse for å bli realisert seinare.

12. juli 2009
Vedtekter for Åkra Hjortevald blir no lagt ut her på heimesida. Då kan de sjølv trykka han ut.

Siste: Søknaden er godkjent! Alle grunneigarar har skrive under, eller skriv under i desse dagar.

12. juli 2009
Bygdalaget og soknerådet arrangerer "Friluftsgudsteneste" på Vikastølen søndag 19.juli. Bygdalaget sponsar "graut"/spekemat til dei 40 første som melder seg på. (Marit Årthun 53473280/ 47874514).

12. juli 2009
På Øyro ligg no brosjyrer for "No e da min tur", ei landbrukssamling for bønder og komande bønder. Eigarskifte er eit aktuelt tema i programmet, og dessutan er det mange ekskursjonar. Blant anna Vika Kraft får besøk. Eg utfordrar alle odelsjenter og odelsgutar på denne sida av fjellet om å melda seg på !

Ein del særs aktuelle har fått brosjyre i postkassa...

18.06.09
No ser det ut til at Åkra Hjortevald blir ein realitet. I desse dagar er vedtekter og bestandsplan ute til grunneigarane for underteikning.

Det blir mykje større kvotar og meir lokal fridom. Likevel står "jaktfelta" svært suverene slik som før.

Som leiar og initiativtakar vil eg beklaga at ikkje alle har fått same informasjon til same tid. Men alle innspel og merknader er nemnt eller drøfta på møta våre.

Det er noverande valdleiarar som har delteke, og på 2 møte hadde me med Natland og Varanes frå Kvinnherad kommune. På 1 møte var dessutan 2-3 frå kvart vald inviterte med.

Sjølve planen blir lagt ut på heimesida i sommar. Ut på haustparten vil Bygdalaget truleg arrangera ein hjortekveld på skulen, der ein "hjortemann" kjem og motiverer oss...

BR

18.06.09
Me er 3-4 journalistar på nettsida som gjer dette på fritida. Då blir det av og til litt sporadisk arbeid.  Dersom du har lyst til å vera med å skriva litt på denne sida, ta kontakt med Jan Eirik eller meg.

Du må gjerne vera i ungdomsalderen ! Like gjerne kan du bu på Baugstranda, slik at det blir noko stoff for alle!

3.6.09
Bygdalaget har kjøpt ein benk til å kvila på. Etter ønske frå nokon, set me han ved brannstasjonen.

Eg vil takka absolutt alle som var med og gjorde Åkradagane så flotte.

24.05.09
Billettsalet til konserten går strykande, over halvparten av dei 250 billettane har ryke ut ! Roarar: De må óg bestilla billett til konsert om de tenkjer dykk på den !

Elles vil Bygdalaget takka Trygve Øvstebø for at han ga grunn til sandvolleyballbanen. I tillegg til Twist og godord på banen idag, vil Åkra Bygdalag gje Bodil og Trygve kvar sin gratis billett på konserten neste helg.

Takk til alle som har vore med og laga banen. Spesiell takk til Åkra Oppvekstsenter ved Anita Opedal og Matre IL ved Amund Furdal.

17.05.09
Det blir dugnad på sandvolleyballbanen tysdag 19.mai kl.16.00. Det er gjerding som skal skje. Søndag 24.mai klokka 13.15 blir det offisiell opning av banen, med ordførar Synnøve Solbakken og landslagsjef Kåre Mol på lag mot eit bygdalag.

Bygdalaget løyvde 10.000 kroner til Gunn Laila Jegteberg i sist møte. Dette til oppstart av kafédrifta. Også andre lag i området går inn med fin støtte...

Billettsalet til Bratland/ Lien-konsert er i gang. Eg trur det er lurt å vera snar, for billettane fyk unna.

3.05.09
Gledeleg: Gunn Laila Jegteberg vil driva kaféen vidare ! Ho vil prøva å starta forsiktig allereie i vår. Bygdalaget ønsker lukke til, og me må prøva å gje god støtte til henne !

26.04.09
Opninga på sandvolleyballbanen blir søndag 24.mai. Sjå plakatar eller Matre si heimeside. Ordføraren skal klippe snora, og seinare spela kamp saman med landslagstrenar Kåre Mol. Dette blir gøy !

22.04.09
Åkra Bygdalag er arrangør av Landbruksdagar siste helga i september. Laurdagen blir her i Åkra, med foredrag, ekskursjon Vika Kraft, fiskefestival og anna. Dag to er i Rosendal og Omvikdalen, med fullstappa program der. Landbruksdagane er i samarbeid med Kvinnherad Kommune, Bondelaget, Bonde-og småbrukarlaget, Hordaland bygdeungdomslag og Kvinnherad Sau og Geit.  Målgruppa er ungdom som ønsker ei framtid på gard, men alle landbrukdsinteresserte er sjølvsagt velkomne. Endeleg program kjem på sommaren ein gong.

17.04.09 Kaféen: Ein sjanse for deg ?
Kaféen på Øyro blir no ståande tom, etter at Nostalgi la ned 15. april. Åkra Bygdalag og eigarane av butikken vil svært gjerne at nye drivarar kan få ein sjanse. Du kan venta deg støtte og hjelp frå Bygdalaget. For at ingen skal føla seg forbigått, set Bygdalaget også inn annonse i lokalavisene. Kontakt Bjørn Rune, andre i Bygdalaget eller Oddrun/ Tørris.

25.03.09, Åkra hjortevald

Åkra Hjortevald kan bli ein realitet til hausten. Dei 5 valdleiarane har hatt 2 møte, det eine med Varanes til stades, og etter møta har underteikna laga forslag til Vedtekter og Bestandplan for eit nytt storvald. Dei 5 valdleiarane har no ansvar for å formidla dette til grunneigarane. Søknaden må vera endeleg inne til 15. mai. Eitt eksemplar blir lagt på butikken før påske, for spesielt interesserte.

hjort-pa-klove6

8.3.09. Utleige av hus
Bygdalaget fekk inn nokre svar frå personar som kan tenkja seg å leiga ut hus/ leilighet til andre enn eigen familie. Kontakt Bjørn Rune Bergane for meir informasjon, tlf 99428732. Mange er veldig usikre på kva dei vil med sine hus, andre lot vera å svara.

8.3.09. Tomter
Bygdalaget har hatt ei gruppe som har sett på tomteland og diverse. Dette er berre forslag, for grunneigarar er jo suverene i dette. Forslaget blir no hengt opp på Øyro.

8.3.09. Motorsagkurs
Bygdalaget har arrangert Motorsagkurs for ungdom oppe på Årtun. Det var svært bra, seier deltakarane. Bygdalaget sponsa kurset gjennom ”Landbruksmidlane” frå Hordaland Fylke.

8.3.09. Kafeen på Øyro
Drifta på kafeen på Øyro blir no avvikla. Me må no prøva å rydda opp i dette gjennon dei avtalar, skriftlege og munnlege, som tidlegare er gjort.  Målet er å få orden på dette i løpet av dei neste vekene gjennom dialog med eigarar og leigar.

8.3.09. Liv OG lyst
Bygdalaget prøvde å få vera med vidare i livOGlyst. Me søkte om å bli eitt av 3 hovudprosjekt over 3 år. Me la mykje arbeid i søknaden, men fall gjennom. Det var 21 Bygdalag/ kommunar som søkte, så nålauget var trongt.

8.3.09. Årsmøte 2009
Årsmøtet vart gjennomført fredag 27.februar. Det var ca. 20 personar tilstades. Vala blei slik:

Leiar:  Bjørn Rune Bergane       Styre:  Inger Johanne R. Vågen, Ragnar Vågen, Lars Emil Berge og Venke Ølvestveit. Vigdis Øvstebø er fast møtande vararepresentant.

Eg vil takka Trygve Øvstebø og Wenche Abrahamsen for godt arbeid, når dei no vart avløyst av andre i styret. Velkomne att.

19.2.09.Heimesida
Heimesida er under omlegging, som føje av livOGlyst.kursinga. Jan Eirik og Anne Grethe deltok
i Bergen på 2-dagars kurs i januar. I dag 19. februar er den nye sida lagt over til bygdalaget sin
link. Den gamle heimesida er dermed historie.

8.3.09
Heimesida er framleis under omarbeiding, men eg tukkjer det ser bra ut etter kvart,. Alle
journalistane er ikkje heilt dus med det nye systemet, men til påske er me truleg `a jour !

B.R. Bergane