| Forsking og utdanning |
|
Hordaland er eit fylke med sterk fokus på entreprenørskap i forsking og utdanning. Det er fleire potensielle aktørar som kan vere til hjelp i utviklingsprosjekt, eller i oppstartfasen. I dag er det ei sterk satsing på entreprenørskap i skulen. Dei fleste kommunane i fylket har i dag elev- og ungdomsbedrifter i grunnskulen gjennom ordninga Ungt Entreprenørskap. Høgskulane i fylket og Universitetet i Bergen tilbyr i dag studium innan innovasjon og entreprenørskap, i tillegg til samfunnsentreprenørskap. Utover høgskulane og universitetet er det fleire fagspesifikke forskingsmiljø i fylket. Manglar det nokre aktørar? Under aktørar finn du ei oversikt over dei ulike forskings- og utdanningsmiljøa i Hordaland. |
| Sist oppdatert tysdag 07. september 2010 08:16 |