2nd_banner_2
Utviklingsselskap i Hordaland - Kom-an.no
Utviklingsselskap

Mange kommunar i Hordaland har valt å organisere næringsarbeidet sitt i kommunale eller interkommunale utviklingsselskap/næringsselskap. Desse jobbar for auka næringsutvikling, nyetablering og samspel med eksisterande næringsliv. Mange av utviklingsselskapa driv òg med samfunnsentreprenør- skap og prosjekt knytt til lokalsamfunnsutvikling.

Utviklingsselskapa i Hordaland er ulikt organisert. Enkelte er aksjeselskap (AS), medan andre er kommunale føretak (KF). Tilbodet er svært ulikt frå selskap til selskap. 

God støtte og mange tilbod
Tilboda til utviklingsselskapa er mange, t.d. hjelp til nyetablering, orientering om selskapsform, nettverk og kontaktledd. I tillegg arrangerer dei fleste møteplassar, kurs og samlingar. Tilboda er til dei som vil etablere seg, og til verksemder som ønskjer hjelp til utviklingsarbeid eller løysing av små eller store problem.

Enkelte utviklingsselskap initierar, driv og rådgjev i prosjekt som koplar entre- prenørskap, samfunnsutvikling og sosial mobilisering.

Sjå Aktørar for oversikt.

 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank