TopplogoUlvik_2
Ulvik herad - Kom-an.no
Ulvik skal revitaliserast som turistbygd!

Ulvik Herad har bygde- og næringsutviklarar som skal arbeide spesielt med å hjelpe i gang nyetablerarar, og vidareutvikla eksisterande verksemder. 

For etableraropplæring, ta kontakt med Caroline Lehmann, tlf.: 56 52 70 33

Ulvik Landskapspark
Under denne paraplyen kan du få hjelp til å starta eiga verksemd, ordna opp i ting du har sett på i lang tid, eller du kan melda deg på som interessent i prosjekt som alt er i gang. 

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap med felles kultur og identitets- kjensle. Lokalsamfunn og næring vert utvikla i fellesskap slik at Ulvik vert endå meir attraktiv både som ein stad å bu og ein stad å vitja.

Som Landskapspark får me drahjelp til å koma i gang med det me vil og me får god tilgang på marknadsføring.

Kulturlandskapet og kart
Det gjeld å halda landskapet ope, å visa det fram til turistane og sleppa å henta dei ned frå turane sine med helikopter. Me treng eit ope landskap, rydding av fleire stiar og kart som høver for tilreisande. 

Osa som turistområde
Osa er spesielt interessant som turistområde, og mykje er i gang alt nå. Både her og andre plassar i heradet vil det verta arbeidd med utvikling av turisttilbod. Har du idear, så kom med dei og du vil få hjelp til gjennomføring.

Ulvik sentrum
Ulvik sentrum har i år hatt eit pulserande liv med tre kafeear på eit lite område. Her kan det gjerast endå meir, og meir kjem til å vera på plass til neste sesong. Bygde- og næringsutviklaren vil meir enn gjerne hjelpa fram andre og nye idear for å får sentrum til å syda av liv.

Sist oppdatert måndag 22. mars 2010 12:47
 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge