| Kommunane støttar deg |
|
Kommunane er første kontaktpunktet for dei som vil starte bedrift eller eit lokalt utviklingsarbeid. Kommunane si førstelineteneste kan gje hjelp og rettleiing i tidleg fase. Kommunane i Hordaland er utviklingsaktørar som legg til rette for næringsutvikling og lokalsamfunnsutvikling. Rettleiinga er som oftast gratis. Mange kommunar har vald å sette vekk oppgåva med å vere førstelineteneste til regionale samarbeidsorgan eller andre typar næringsorganisasjonar. Les meir om kommunane sine mange oppgåver under "om oss".
|