|
Innovasjon Norge tilbyr tenester og program som skal medverke til å auke innovasjonen i næringslivet over heile landet, og profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål.
Prioriterte målgrupper og sektorar Innovasjon Norge legg vekt på økonomiske, sosiale og miljømessige tilhøve. Å utvikle distrikta har sterk fokus, og etikk og samfunnsansvar er ein del av vurderingskriteria våre. Vi prioriterer små og mellomstore bedrifter med vekstambisjonar og vekst- potensiale, etablerarar og gründarar. Kvinner og unge etablerar er også prioritert.
Innovasjon Norge fokuserer spesielt på følgjande sektorar:
- Energi og Miljø
- Helse
- IKT
- Kultur og oppleving
- Landbruk
- Marin
- Maritim
- Olje og gass
- Reiseliv
Innanfor kvar sektor har Innovasjon Norge eit særskilt fokus på entreprenørskap, vekst og innovasjonsmiljø. Les meir om ulike program og finansieringsordningar under Starte.
Tilbod og tenester Innovasjon Norge tilbyr tenester innanfor fem tenesteområde:
- Finansieringstenester
- Kompetansetenester
- Rådgjevingstenester
- Nettverkstenester
- Profileringstenester
Innanfor kvart av desse fem tenesteområda har Innovasjon Norge ei rekkje enkelt- tenester og pakkar av tenester («program»), som distriktskontora i Noreg og i utlandet tilbyr norsk næringsliv.
Meir informasjon Les meir om finansieringsordningar. Ønskjer du meir informasjon om Innovasjon Norge sitt satsingsområde, samarbeidspartnarar og finansieringstilbod, ta kontakt med Innovasjon Norge Hordaland.
[ Innovasjon Norge Hordaland ]
|