|
Hordaland fylkeskommune har eit overordna ansvar for regional utvikling. I Hordaland har fylket som visjon å vere blant dei mest innovative regionar i Europa. For å nå ei slik målsetting, samarbeidar fylkeskommunen med ei rekkje statlege organ, kommunar, organisasjonar og næringslivet.
Fylkeskommuen sine samla ansvarsområder fordeler seg på:
- Regionalavdelinga
- Opplæringsavdelinga
- Samferdsleavdelinga
- Kultur- og idrettsavdelinga
- Tannhelseavdelinga
Regionalavdelinga Avdelinga femner i særleg grad om dei ansvarområda ein tradisjonelt definerer som regional utvikling. Her ligg arbeidet med dei fleste regionale planar, klima og miljø, internasjonalt arbeid og næringsutvikling.
Næringsseksjonen Fylkeskommunen sitt arbeid knytt til næringsutvikling er lagt til Næringsseksjonen, som organisatorisk finst under Regionalavdelinga. Seksjonen har ansvar for å utarbeide og realisera målsettingane i Regionalt utviklingsprogram.
Viktige oppgåver er m.a.:
- Prosjektadministrasjon og forvaltning av økonomiske verkemidlar øyremerka næringsføremål forankra i Regionalt utviklingsprogram.
- Rådgjeving, samordning og oppfølging av prosjektidear og prosjekt i eit samspel med ulike, innovative miljø.
- Ansvar for forvalting av midlar til kompensasjon for arbeidsgjevaravgift (gjeld kommunane Etne, Bømlo, Kvinnherad, Modalen, Jondal, Kvam og Tysnes).
- Fordeling av ei rekkje særskilde, fylkeskommunale løyvingar til næringsføremål (mellombelse tilskot til prioriterte, næringsretta organisasjonar, prosjekt og tiltak).
- Fordeling av verkemidlar til ”Program for lokalsamfunnsutvikling”, herunder ”livOGlyst”-programmet, og andre særskilde, fylkeskommunale løyvingar.
Regionalt utviklingsprogram (RUP) Regionalt utviklingsprogram er eit felles handlingsprogram som er retningsgjevande for all offentleg næringsutvikling i Hordaland. Det er Regionalt næringsforum (RNF) i regi av Hordaland fylkeskommune, som utarbeider programmet, som deretter vert vedteke politisk. Les meir her.
Innafor arbeidet med næringsutvikling, er det sett fokus på næringar og utviklings- område der fylket har særlege føremoner. Det leggjes vekt på lønsemd, internasjonal konkurransekraft og evne til omstilling. Dei viktigaste satsingane:
- Næringsretta kompetanse
- Entreprenørskap og innovasjon
- Internasjonalisering
- Livskraftige lokalsamfunn
- Næringa med særskilde føremoner
(Energi, marine næringar, maritime næringar, reiseliv og kulturnæringar)
Dette inneber at fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspartnar for eit breitt spekter av næringsaktørar, heilt frå gründernivå til store organisasjonar i nærings- livet.
Økonomiske verkemidlar Med Regionalt utviklingsprogram følgjer økonomiske verkemidlar. Desse går til iverksetting av tiltak og nyskapande prosjektarbeid for å stimulera til auka verdi- skaping og vekst i fylket. Nærare 150 små og store prosjekt får støtte kvart år.
I tillegg til midlane over RUP-budsjettet, kjem fleire andre løyvingar som støttar opp under arbeidet med næringsutvikling. Samla sett vert det fordelt rundt 200 mill. kroner kvart år til næringsrelaterte prosjekt. Les meir her.
Samarbeid om fordeling av verkemidlar Deler av RUP-budsjettet vert overført til andre til fordeling. Dette gjeld slik:
- Bedriftsretta tiltak: Fordelte etter søknad til Innovasjon Norge.
- Regionale næringsfond: Fordelte etter fordelingsnøkkel og søknad til dei respektive regionråda i fylket.
|