|
Få oversyn over dei viktigaste utviklingsaktørane i Hordaland og deira finansierings- og støtteordningar. Kven kan gje deg råd, rettleiing og oppfølging lokalt og regionalt?
Det er mange val å ta før prosjektstart, og dei fleste har behov for rådgjeving og tilretteleggjing. Her får du svar på kven som kan hjelpe deg og på kva slags måte.
Rådgjevingsapparatet i Hordaland Dei aller fleste kommunane i Hordaland kan gje deg rådgjeving. Ta difor kontakt med kommunen din først, for å sjå kva slags tilbod du kan få der. Dei regionale sam- arbeids- og regionråda kan gje deg rådgjeving i samband med ulike former for næringsutvikling og nyetablering.
Vidare kan partnarskapet Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen og Innovasjon Norge hjelpe til med rådgjeving i ulike fasar. Det finst også private aktørar og stiftingar som kan vere til stor hjelp for deg.
Regionalt utviklingsprogram (RUP) RUP gjev eit oversyn over korleis ulike finansieringsordningar vert forvalta innanfor dei ulike satsingsområda. Her finn du retningslinjer for korleis det vert arbeidd med tilretteleggjing for næringsutvikling og entreprenørskap i Hordaland.
Lån og finansiering Entreprenørar innanfor dei ulike næringane kan søkje på finansieringsordningane til Innovasjon Norge. Dei tilbyr lån og finansiering til utviklingsprosjekt i distrikta og har som målsetting å auke innovasjonen i næringslivet i heile fylket. Spesiell fokus er difor retta på entreprenørar med vekstpotensiale, men Innovasjon Norge har også eigne program for distriktsutvikling, med særskilt satsing på kvinner og unge.
Kommunale næringsfond kan óg gjerast tilgjengelege for entreprenørar.
|