|
Lokal satsing på samfunnsprosjekt innan reiseliv, formidling og kultur. Samarbeid og lokal vinning i fokus!
Gode Sirklar AS som prosjektansvarleg Gjennom Gode Sirklar AS går Sund, Fjell og Øygarden opp nye vegar for å tilføra regionen forskingsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå til næringsutvikling, nyskaping og utvikling av eksisterande verksemder. Gode Sirklar AS er prosjektansvarleg for vidareføring av det tidligare prosjektet Guideservice, som vert tatt vidare gjennom eit nytt publikumsvenleg prosjekt - Vestlandsforteljingar.
Vestlandsforteljingar - eit godt lokalsamfunnsprosjekt Gjennom samarbeid og felles samkøyring av reiselivsaktørar, vert det satsa på formidling av kultur og lokalhistorie frå dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Prosjektleiar Margrethe Kallestad seier at dei har nytta vinteren til studieturar og å utdanne lokalguidar, som med si spesialitet formidlar lokalhistorie og opplevingar frå de tre kommunane til publikum. Vi har hatt mange timar med førebuing, men samstundes ser vi no resultata av felles satsing og godt samarbeid.
Sju Vestlandsforteljingar kan i sesongen opplevast på Sotra og i Øygarden i perioden 1. - 18. august 2010. Sjå kalenderen for neste hending.
Bilete: Sjømat og utdanna lokalguidar - opplevingane står for tur! Foto: Cornelius sjømatrestaurant
Ikkje berre publikumsvenleg Vi ønskjar å formidle den spanande kunnskapen og historia som finns her ute ved havet, seier Kallestad. Lokalt i kommunane har vi eit godt samarbeid med fleire nystarta og etablerte reiselivsaktørar, som saman vil skape verksemder og aktivitet. Vi har brei kunnskap og kompetanse og eg ser at det kjem til fleire etablerarar og idear i kommunane, seier Kallestad. Samla sett aukar båe bulyst og verdiskaping i lokalsamfunna.
Bilete: Handelstaden Glesvær vart oppbygd gjennom fiskeri og sildefangst. Her kan du høyre forteljingar frå korleis samfunnet va og oppleve korleis det er i dag. Du kan òg oppleve ein smakebit av historia på café olé. Foto: Torvald Bakke.
Gode Sirklar fekk finansiering til prosjektet Vestlandsforteljingar frå Hordaland fylkeskommune gjennom Regionalt utviklingsprogram.
[ Gode Sirklar AS ]
[ Vestlandsforteljingar ]
[ Regionalt utviklingsprogram ]
[ Hordaland fylkeskommune ]
|