2nd_banner_2
Velkommen til gards! Skriv ut E-post
Skrevet av Berit Karin Rystad   
torsdag 22. juli 2010 11:15

Bergsdalstunet på Lid i Bergsdalen i Vaksdal kommune har satsa stort på småskala mat og reiseliv i tilknytning til gardsdrifta.

Bergsdalstunet er drive av ekteparet Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse. Med på laget har dei òg dei fire borna sine. Garden har 15 mjølkekyr og 12 sauer. I tillegg driv dei med Inn på Tunet.

helge_terje_og_OlaugEkteparet har no pussa opp Gamlefloren og gjort han om til kurs- og møtelokale. Dei har investert i ein italiensk vedfyrt steinomn, og kjøkkenet kan og brukast til partering av kjøt og til produksjon av kjøtvarer. No satsar dei på servering, overnatting, kurs/konferansar og ulike arrangement (bryllaup, bursdagar, konsertar).

Garden har fått mykje god omtale i lokalpressa. Sjå mellom anna artikkel frå avisa Hordaland som er vedlagt nedanfor.

Ynskjer ein å overnatte, er dette mogleg i Vikinghuset på garden for mindre grupper, eller i Bergsdalshytta for større grupper.

Olaug og Helge Terje er opptekne av å vere eit godt vertsskap med hjarta for god kvalitet og gode matopplevingar. Det meste som vertfloren servert på Bergsdalstunet er frå eigen gard eller området rundt. Ein kan få kjøpa med seg både pinnekjøt som er salta, røykt og tørka i eldhus på "gamlemåten" og korv og karbonade av kalv. Dei held òg kurs i baking og steiking i steinomnen, samt kurs i korving.

Både Osterfjorden næringssamarbeid, landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen og Innovasjon Norge har vore gode hjelparar i arbeidet med å realisere Gamlefloren.

Utover hausten skjer det spanande ting på Bergsdalstunet. Mellom anna skal det arrangerast blueskonsert i oktober. Ein kan finna meir informasjon på nettstaden til Bergsdalstunet.

Ta turen og opplev vestlandslandbruket på sitt beste!

 

Bileta er tekne av fotograf Petter Solheim.

Sist oppdatert fredag 23. juli 2010 20:35
 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank