| Fagkurs for etablerarrettleiarar |
|
|
| Skrevet av Jon Erik Vollan | |||
| torsdag 08. juli 2010 09:24 | |||
|
Tilbod om fagkurs for etablerarrettleiarar, førstelinja hausten 2010. Påmelding seinast innan 15. august! Partnarskapen Hordaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Hordaland si Landbruksavdeling ynskjer å styrke den kommunale førstelinja sin kompetanse knytt til etablerarrettleiing. Vi vil difor hausten 2010 tilby eit høgskolekurs i samarbeid med Høgskolen i Bergen - Senter for Nyskaping. Målgruppa i kommunar Målet med kurset er å gjere deltakarane betre i stand til å rettleie personar som ynskjer å starte eiga bedrift og i å bistå i utviklings- og mobiliseringsprosessar som har bedriftsetableringar og bedriftsutvikling som mål. Kurset er eit ledd i å nå målsetninga om å auke talet og mangfaldet av levedyktige og gode bedriftsetableringar og arbeidsplassar i Hordaland. Ved stor påmelding vil deltakarar frå kommunar som har signert samarbeidsavtalen med partnarskapen få førsteprioritet. Ved spørsmål ta kontakt med Olav Mellgren, Innovasjon Norge Hordaland [ Informasjon om kurset og påmelding ]
|
|||
| Sist oppdatert onsdag 21. juli 2010 11:01 |