| Oppmuntringskveld 31. juli |
|
|
| Skrevet av Jon Erik Vollan | |||
| torsdag 08. juli 2010 09:03 | |||
Humørbonden frå Hjelmås Geir Styve vil halde innlegg til trøyst og oppmuntring. Velkommen til kulturløo på Bjørge i Lindås kommune.
Glade bønder Unge bønder frå dei fem nordhordlandskommunane er gått saman for å etablera ein ny organisasjon på tvers av etablerte faglag og kommunegrenser. Glade bønder er eit nyleg oppstarta pilotprosjekt i regi av Fylkesmannen i Hordaland si ungdoms- og rekrutteringssatsing. Arbeidsgruppa frå Nordhordlandskommunane som står bak ideen om Glade bønder, har stor tru på at positivitet, trivsel, openheit, mangfald og yrkesstoltheit er drivkrafta bak jamn og allsidig rekruttering til næringa. Visjon å dyrka glød og begeistring Organisasjonen Glade bønder har som visjon å dyrke glød og begeistring, og vera pådrivar for ny og meir synleg landbruksaktivitet i Nordhordlandsregionen. Oppmuntringskveld 31. juli Mat og drikke tar du med deg. Me gjer grillen klar, så er det opp til deg om du vil grilla eller om du har noko anna i piknikkorga! Elles vert fokuset på det sosiale. Musikkanlegg står til disposisjon og visst nokon tar med ein gitar er det supert. Det er inga påmelding til arrangementet men det hadde vore kjekt med ein epost eller melding frå dei som veit dei kjem til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen eller telefon 915 32 450. Så må de berre fylla opp bilane med ”etterpånølarar” og gjester, her er alle velkomne!
|
|||
| Sist oppdatert torsdag 08. juli 2010 09:41 |