Nyhende

  • Har du årets beste oppfinning?
  • oppf-plakat1Du kan no delta i årets konkurranse blant dei beste oppfinningane i Hordaland. Oppfinnarprisen er på kr 75.000. Påmelding innan 15. oktober 2010.

  • Matfestivalen i Bergen er i rute!
  • matfestivalAndre helga i september er det Matfestival i Bergen. Bønder i byd’n er blitt eit begrep og mange ser fram til denne helga når over 100 matboder og over 300 utstillarar kjem til årets matfestival på Bryggen i Bergen

  • Vil du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over?
  • mlenMøt ein fadder som driv landbruk og har svar på spørsmåla dine. Fadderprosjektet er eit tiltak der nye gardbrukarar vert rekruttert, og får påfyll av kunnskap.

  • Midlar søkjer LivOGLyst-prosjekt
  • LivlystLargeFargerNo kan LivOGLyst-prosjekt søkje tilskot frå småsamfunnsmidlar for 2010. Søknadsfrist 3. september.

  • Stordkonferansen 2010
  • stordkonfm

    Dei  globale energi- og miljøutfordringane krev nytenking i petroleumsindustrien, samstundes som nye alternative energiformer vil gjera sitt inntog.

2nd_banner_2
Møt Lars Mjøs på Osterøy
Skrevet av Jon Erik Vollan   
tysdag 22. juni 2010 14:02

Lars_Mjos_portrett_200Industrikonsulenten på Osterøy
Han har i mange år arbeidd aktivt for utvikling av lokalt næringsliv på Osterøy, i opp- og nedturar. Møt eldsjela og strategen Lars Mjøs.


Han har tidligare vore småbedriftsforskar og vinsjkonstruktør og er no ein aktiv næringsutviklar i skjeringspunktet mellom næringslivet og det offentlege. Industrikonsulent-verksemda skjer i regi av Osterøy Industrilag i samarbeid med Osterøy kommune. Det er med dette ei felles satsing på å skape utvikling og vekst for næringslivet på Osterøy. Laget har til føremål å ivareta medlemene sine faglege, økonomiske og sosiale interesser, samstundes arbeida for å heva det industrielle nivå, kollegial forståing og samhald mellom medlemene.

Lars Mjøs har formell bakgrunn som sivilingeniør frå NTNU i Trondheim. Han har sia vore engasjert mykje i arbeid med nyskaping og etablering av bedrifter i lokalsamfunnet.

Kva utfordringar står Osterøy ovanfor, innan utvikling og vekst i næringslivet?
Mjøs nøler eit sekund, i plassen for å snakke om problem, snakkar han heller om det gode samarbeidet mellom den vidaregåande skulen og næringslivet på Osterøy.
Her skjer det mykje spanande, Osteroy_Osloseier han, og fremmar spesielt Kompetansesenteret for CNC og robot. Dette er ei storstila satsing, der fylke og regionalt næringsliv er med på etableringa av eit nasjonalt kompetansesenter. Her vert det undervisning og kompetanseutvikling for næringslivet og offentlege kundar.

Nytt skolebygg
Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med industrien på Osterøy og i Bergensregionen etablert Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule. Skuleelevar kan glede seg over å flytte inn i nytt skulebygg og ta i bruk ein flunkande ny verkstad på 800 m2 til skulestart seinsommaren 2010. Elev_instruktr_Tysse

Samarbeid = resultat
Samarbeid mellom skule og næringsliv gir resultat. Byggjebransjen sitt engasjement for nytt skulebygg var imponerande. Bransjen engasjerte seg og utarbeidde på dugnad eit komplett prospekt for nytt skulebygg med ein flott verkstadhall. Det var ikkje vanskeleg å få politikarane med på laget, seier Mjøs. Resultatet så langt er ein  flunkande ny skule, som vert viktig for vidare samarbeid mellom utdanning og næringsliv i regionen.

Politisk støtte
Etableringa av kompetansesenteret har fått brei politisk støtte i fylkeskommunen og har motteke støtte både frå næringslivet og det offentlege. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen kjem til Hordaland til hausten for å sette fokus på samarbeid skule – næringsliv og me arbeider no aktivt for å legge bedriftsbesøk og besøk ved kompetansesenteret inn i programmet.

Problem vert ikkje framheva av Mjøs. Han vil helst ha fokus på moglegheitene og alt det positive som skjer.


Aktiv i Mjøsvågen
Mjøs er også engasjert i lokalsamfunnsutvikling og er saman med fleire eldsjeler aktiv i LivOGLyst-prosjektet i Mjøsvågen/Hosanger. Her er det i sundagssommarkaféen storstilt produksjon og sal DSC03671(og konsum) av vaffel og kaffi. Og så kan du gå på kunstgalleri og også få sjå korleis tresko vert produsert. Ostringane er kjente for sin livskraftige småindustri og sine aktive bygdelag. I Hosanger nord på Osterøy har "Vener av Mjøsvågen" teke initiativ til eit utviklingsprosjekt der hovudmålet er å skape vekst og trivsel i bygda.

Innbyggjartalet på Osterøy har auka
På spørsmål om kor Osterøy står om fem til ti år, svarer Mjøs at me vil ha gratis samband til fastlandet, då brusambandet er nedbetalt i 2014. Mange har fått tilgang til fibernettet for breiband som kommunen har bygt, men som få har tilgang til i dag. Innbyggjartalet har auka. Vidare legg han til at det nye Espevoll næringsområde vil vere i full utbygging med fleire nye næringsaktørar. Han har tru på at mange framover vil oppdage Osterøy som eit godt bustadområde og som attraktivt og nærliggande næringsareal for Bergen storby. Mangel på næringsareal vil difor ikkje lenger vere ei bremse for positiv næringsutvikling, slik det har vore.

Korleis oppfattar du at det offentlege satsar på lokal vekstkraft i Hordaland?

Den nye nettportalen Kom-an.no er jo eit flott tiltak frå det offentlige, for å samle informasjon om kva ordningar som finst for distrikta og for dei som ønskjer å etablere verksemd og prosjekt. Men Mjøs seier det er eit tankekors at i jungelen av mange stønadsordningar og utviklingstilbod, er det få av dei som tek initiativ til nye bedrifter og gode prosjekt på Osterøy, som finn ei ordning dei kan gjere seg nytte av.

Det er ønskjeleg at nettstaden vert vidareutvikla og at den vert jamleg oppdatert, både informativt og på tvers av bransjar. Lars Mjøs er sjølv aktiv redaktør på kom-an.no og har ansvar for fleire aktørar som presenterer seg på nettstaden. Les meir om desse aktørane ved å vitja lenkjene under.

[ Industrikonsulenten på Osterøy ]
[ Osterøy kommune ]
[ Osterøy Industrilag ]
[ Kompetansesenteret for CNC og robot ]
[ Mjøsvågen.no ]

 

 

Sist oppdatert tysdag 22. juni 2010 14:43
 

Nettstaden kom-an.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge.

fylkeskommunenfylkesmannenihordalandinnovasjon_norge

Redaksjon for kom-an.no 2010

PageRank