Velkommen til Åkra!

Åkra ligg lengst sør i Kvinnherad kommune, på nordsida av Åkrafjorden. Som mange andre bygder i Hordaland har Åkra dei seinaste åra opplevd fråflytting og nedgang i innbyggjartalet. Likevel er ikkje nedgangen like sterk som for mange andre bygder. Åkra er ein flott plass å bu, med gode oppvekstvilkår for barn og unge, og mange vel heller ei pendlartilvære enn å flytte frå bygda.

For å motverke trenden og auke rekrutteringa til landbruket og det lokale næringslivet, satsar Åkra på bustad- og hytteutbygging, samstundes som dei ønskjer å utvikle nye verksemder i bygda og skape fleire arbeidsplassar. Åkra deltek i utviklingsprosjekta ”LivOGlyst” og ”Unge, bygda og landbruket”, i samarbeid med høvesvis Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling.

Stort potensiale
Åkrafjorden er ein populær turistdestinasjon. Naturen byr på store opplevingar med fjord, fjell og fonn i vakker foreining. Eit vilt og urørt fjellterreng på veg opp mot Folgefonna innbyr til naturopplevingar utanom det vanlege for turistar og besøkjande.

Åkra ønskjer å jobbe tettare mot prosjektet Åkrafjorden Landskapspark og opplevingsselskapet Åkrafjorden Oppleving AS som har som føremål å selja reiselivspakkar i området.

Allereie no er Åkrabygda engasjerte i guiding og kulturelle arrangement saman med Åkrafjorden Oppleving. Framover er det planar om utviding av dette, i tillegg til samarbeid omkring sal av produkt og kortreist mat. Den sterke og lange mattradisjonen i bygda kan også utviklast til å omfatte større produksjon av mat basert på lokale råvarer. Dette er ein viktig faktor innan bygdeutvikling og skapar dessutan identitet for lokalmiljøet.

Om Åkra på nett
På desse nettsidene finn du mykje informasjon om Åkra og prosjekta som bygda er involvert i. Øvst i menyen til høgre kan du lese meir om satsingane i Åkra, sjå prosjektplanar og årsrapportar, og få vite korleis Åkra har organisert seg for å utvikle lokalsamfunnet sitt. Kanskje kan det gje deg inspirasjon til å setje i gang noko sjølv? Anten i Åkra eller kanskje ein annan plass…

Men Åkra på nett er også eit vindauge ut i den vide verda for bygdefolket. Her kan du sjå kva som rører seg av aktivitetar i bygda, og samstundes få eit innblikk i kva for saker og ting menneske i Åkra er oppteken av. Åkra på nett er ein plass kor du kan bli kjend med ei yttarst levande bygd.