Osterfjord Næringssamarbeid

Osterfjord Næringssamarbeid er ein fagleg og praktisk samarbeidsforening for å fremje næringsutvikling i Osterfjordregionen.

Deltakarar er næringskonsulenten i Modalen, Industrikonsulenten på Osterøy og Vaksdal Næringsselskap AS.

Osterfjord Næringssamarbeid vert årleg tildelt midlar frå Hordaland fylkeskommune med basis i ein partnerskapsavtale for å drive næringsutviklingsarbeid i regionen. Osterfjord Næringssamarbeid administrer også Regionalt næringsfond for Osterfjord som får tildelt statlege midlar via Hordaland fylkeskommune. Næringsfondet har eit eige styre.

Osterfjordrådet med ordførarane og rådmennene i dei 3 kommunane er samarbeidspartnar.

For tida har Industrikonsulenten på Osterøy sekretariatsfunksjonen.