Lag ein forretningsmodell

Ny idé til marknaden? -Lag ein forretningsmodell.

Sjølve forretningsideen din seier noko om kva bedrifta skal gjere. Forretningsmodellen seier noko om korleis bedrifta skal gjennomføre og lukkast i praksis.

Forretningsmodellen skal svare på spørsmål om:

  • Kva skal du levere?
  • Kven er kunden?
  • Korleis skal du selje? 
  • Korleis tek du betalt?
  • Korleis skal du levere til marknaden?

 

Start med forretningsmodellen

Skal du lukkast med å utvikle ein ny idé for fyrsta gong, må du tenkje gjennom heile løpet av forretninga. Forretningsmodellen er ein gjennomtenkt oversikt på korleis bedrifta skal lukkast med ideen i praksis.

-Treng eg ein forretningsplan?
Det tilrådast å vente med å utvikle ein forretningsplan i tidlig fase - finn heller ut korleis du skal lukkast med ideen - lag ein forretningsmodell.

Båe bank, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil kunne krevje at du har ein forretningsplan før du kan få finansiering og anna støtte. Forretningsplanen skal vere eit realistisk dokument. Den skal drøfte både styrkar og veikskapar og ta hensyn til dei farar vi kjenn til. Hugs at for mange av dykk er det dine eigne pengar og tid du gambler med.

Start difor med å finne ut om din idé har ein marknad og grunnlag for vekst.

 

Slik lagar du ein forretningsmodell

Det finnes fleire metodar på korleis lage ein forretningsmodell. Her er ein metode som nyttast av mellom anna Innovasjon Noreg, Apple og Tesla;

Business Model Canvas
Denne metoden vert ofte kalla Osterwalder-modellen, etter den Sveitsiske gründeren Aleksander Osterwalder. Metoden består av 9 byggjeklossar, som hjelper deg å kartleggje kundesegmenter, verdiløftet, kanalar, kunderelasjoner, inntekststrøm, ressursar, kjerneaktivitar, partnarar og kostnadar.

Sjå denne videoen på korleis du lagar ein forretningsmodell etter denne metoden:

 

Last ned og skriv ut

Forretningsmodellen BMC (pdf) 

Mal: Business Model Canvas (.pptx)

Uavhenig av kva metode du vel å bruke er det viktig å diskutere forretningsmodellen med fleire nøkkelpersonar i fleire rundar. Du vil såleis kunne finne styrkjar og svake sider i modellen din, og såleis lukkast med utvikling av ei lønsam bedrift.

 

Video: Frå idé til forretningsmodell (Strategyzer)