2012

2.juni - 8.juli


Sveinung Iversen
Etsingar - www.sveinungiversen.com

2.juni


Markakunstopning
Kunst i og av natur - les meir her

2.juni - 24.juni
(i Kafeen)

Jamie Donkey
Mixed media bilder

1. juli - 26.august
(i Kafeen)


Silje Hagebø
Maleri

15. juli - 26.august


Marta Nerhus
Skulpturell strikk i metalltråd - www.martanerhus.no

15.juli - 26.august


Jorunn Småland
Typografiske meldingar - www.jorunnsmaaland.no


29.juli - 26.august
(i Hosanger kyrkje)


Borgny Svalastog
M.B. Landsutstillinga "Himmelrikets blomster gror"

Marta Nerhus og Jorunn Småland - opning 15.juli

To erfarne kunstnarar, med svært ulike uttrykk, kan de frå 15. juli få møta i Galleri Mjøsvågen på Osterøy.

Marta Nerhus kallar sin teknikk "Skulpturell strikk i metalltråd" , og kunstnaren tek også denne gongen utgangspunkt i dei nære ting. Ho strikkar og formar, og gjev oss kjenslevare bilete av mennesker i ulike livssituasjoner. I Galleri Mjøsvågen vil Marta ha med seg heilt nye verk, blanda med verk som er vist før. Kunstnaren Marta Nerhus lagar også små nyttige bruksgjenstander, som lysestakar, smykke etc.

Kunstnaren Jorunn Småland har eit moderne og klårt uttrykk.
I Mjøsvågen vil ho stilla ut sine "Typografiske meldingar", som består av trykk i plakatform, basert på tekstar av Ragnar Hovland. Som grafisk designer og med stor kunnskap innan design, uttaler kunstnaren at : "Det krever en samfunnsforståelse å se designens betydning i samfunnet, både kritisk og analytisk". Denne haldninga vil me sjå spor etter i kunstverka som blir stilt ut i Galleri Mjøsvågen.

Måleri av Silje Hagebø - opning i Mjøsvågen Kafe 1.juli kl.15

Silje er ei jente på 29 år som har Down Syndrom. Silje har alltid likt å mala. Det var på videregående skulen at ho vart oppdaga av formingslæraren hennar. Ho såg potensialet til Silje. Klassen hadde utstilling på Osterøy museum. Seinare hadde Silje sjølv ein salgsutstilling under åpningen av Osterøy Sjukeheim. Osterøy kommune kjøpte då eit bilete av ho som heng på Osterøytunet idag.

Etter nokon års pause frå malinga er no Silje tilbake og stiller ut dei flotte bileta sine i Kafe Mjøsvågen på Osterøy. Her er alle velkomen :-)

 

Borgny Svalastog - M.B. Landsutstillinga "Himmelrikets blomster gror" - opning 29.juli kl.15 i Hosanger Kyrkje

Galleri Mjøsvågen og Hosanger sokneråd presenterer utstillingen. "Himmelrikets blomster gror" av Borgny Svalastog. Denne strofen frå ein av Landstad sine vakre salmar er tittelen på ein utstilling som Galleri Mjøsvågen arrangerer i samarbeid med Hosanger sokneråd. Utstillingen består av av 25 grafiske arbeid som alle er basert på Landstad sine tekstar. Desse skal pryda den vakre Hosangerkyrkja på seinsommaren i år.

 

Om kunstnaren vert det sagt: "Borgny Svalastog vert rekna som ein stor fornyar av kunst i kyrkjeleg samanheng, og som ein markant utstillar, som kombinerar sterke verk og ein heilskapleg presentasjon".

Kunstnaren ønskjer med utstillinga å gjere Landstad sine salmar og folkeviser levande for oss i dag, gjennom "visuell poesi". Me er stolte av å få høve til å formidle arven frå Landstad på ein så spanande og moderne måte. Illustrasjonen "Draumkvedet" (bilde) er eit av verka som skal stillast ut.

29.juli - 26.aug Borgny Svalastog, M.B. Landsutstillinga “Himmelrikets blomster gror” / M.B. National exhibition “Heavenly flowers grow” (i Hosanger Kyrkje) Ope søndagar kl 15.00 - 19.00 og torsdagar kl 17.00 - 19.00

Tilskipar for utstillinga: Osterøy kunstlag og Hosanger sokneråd med støtte frå Hordaland fylkeskommune.
Dei dagane utstillinga er open, vert det og ein minikonsert i kyrkja kl 18.00 - 18.30. For konsertprogram, sjå her

Sveinung Iversen - opning av utstilling i Galleri Mjøsvågen 2.juni kl.15

Iversen debuterte på Haustutstillinga i 1976, og har hatt over 50 separatutstillingar. Bileta er innkjøpt av mellom andre Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Bergen Billedgalleri.

Han har arbeidd innan ulike uttrykksformer, men alltid på papir, som teikning, akvarellar eller etsingar. Meir informasjon rundt utstillinga vil kome.

 

 

Markakunst 2012 - opning 2.juni kl.13 v/ Kossdalsvatnet

Årets tema er: "Kom å bli med ut og leik". Kunst i og av naturen. Les meir om tidlegare Markakunst i Mjøsvågen her.