Utstillingar 2010

"Ingen stad som her" - i Osterøy bibliotek 25.mai 2010

Denne utstillinga var ei vidareføring av utstillinga "There is no place like here", sjå omtale om utstillinga på www.kulturellveving.no no er puffane tilført lyrikk av nynorske forfattara.

 

Fellesutstilling med tidlegare utstillara i Galleri Mjøsvågen

Kari Vevle, Gerd Frantzen, Marie Skeie, Marit Oppdahl, Maria Almås Frantzen, Mona Nordaas, Tove Veidung, Thomas Barlow Wiggin, Augon Johnsen, Mari Kanstad Johnsen, Stig Arild Hansen, Elisabeth Holt, Bente Indrebø, Brita Mjøs, Tebogo Phuthi, Synnøve Tangerås, Ingeborg Loven Norekval, Anne Britt Hanstvedt, Camilla Thaulow, Else Karin T. Bysheim

 

Hennie Andersen - maleri

Med sterke fargar og draumeliknande motiv får denne kunstnaren oss til å gløyma kvardagen, senka skuldrene våre og kjenna den positive energien som ligg i bileta hennar. Utstillinga bestod av både oljemåleri og trykk. Hennie Andersen er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen (1981-86) og har bak seg fleire studieopphald i Peru på til saman 14 månader. Kunstnaren har hatt fleire separatutstillingar, og fått positive kritikkar for sin fargebruk, særeigne stil og sine eksotiske motiv. Kunstaren var til stades ved opninga.

 

Juleutstilling

Lokale kunstnara vert med dette invitert til å senda inn førespurnad om å delta på utstillinga, vedlagt cv og foto til Osterøy kunstlag  elsektb@gmail.com