The House of Mothers

Utstillingar 2009

Utstillinga opna 21.6 kl. 1400 med ca. 110 personar ute i gallerihagen. Kunstnarane Ingeborg Loven Norekval og Stig Arild Hansen har laga portrett av fem mødre. Portretta er laga ut frå interjuv som kurator for utstillinga, Kjell-Erik Ruud, har stått for. Utstillinga basererte seg på historiane ein ber med seg, frå sine mødre. Ting me alle har sett, hørt og erfart, ting som har forma oss, gjort oss til dei menneska me er. Mødrene vert malt ut frå interjuv med personar om sine mødre.

Intervjua vart gjennomført av kurator og dramatikar Kjell-Erik Ruud, og ut frå desse hadde Ingeborg Loven Norekval og Stig Arild Hansen malt portrett av mødrene. Kjell-Erik er mannen bak 400-meter kunst på Voss. Desse tre kunstrane held til på Magasinet på Voss

Felespelaren Steinar Rygg frå Voss stod for den musikalse delen under opninga. Voss kunstlag stilde med ein fullasta buss med Vossingar. så detta var ei stor oppleving for oss her i Mjøsvågen og forhåpentleg også for Vossingane og andre frammøtte.

Dei frammøtte fekk og med seg opninga av utstillinga "KISTEMAKARANE I MJØSVÅGEN". Her vert vist kister og utsyr som kistemakarane brukte då laga kister her frå siste delen av 1800-talet og framover. TRESKOVERKSTADEN og KAFEEN var open. For dei som ville bevega seg litt lenger held også NORLENDER (som ligg nokon hundre meter frå Mjøsvågen), ope nokre timar denne dagen.

Bilete Malt Av Ingeborg Loven Norekval Bilete Malt Av Stig Arild Hansen Frå Gallerihagen Med Skulpturar Innimellom Opning V Mona Nordaas Opningsmusikk Publikum I Gallerihagen