
OVERSIKT OVER KUNSTNARANE:
Stad: Galleri Mjøsvågen
Heidi Drejer, maleri og figur
Utstillinga inneheld maleri og figur. Ho malar fabulerende menneske, dyr, plantar og underlege framtoningar i eit eventyraktig og til tider humoristisk og burlesk uttrykk. Ho har tydelege referansar til folkekunsten sine mangfald og eventyr, bilda har også undertonar av noko uberekneleg. Ein veit ikkje heilt sikkert kva dei forskjellige figurane har for seg eller kvar dei skal.
Lea Sangolt, objekt
Lea arbeider freelance som designar for Universitetsmuseet. I tillegg arbeider ho med eigne prosjekt ein stad mellom kunst, design og handverk.
Lea tek ofte utgangspunkt i brukte materialar, som vert gjort om til objekt og bruksgjenstander.
Linda Skare, tegning

Linda bur på Utsira. Arbeida hennar er papirutskjeringar, teikningar/ motiv overført på akrylmalerier flater på lerret, tre m.m.
“Jeg spiller på uskyld og noe veldig mørkt, må ikke tippe over” seier Linda. Med teikningane sine beveger ho seg spenningsfeltet. “Før kom det ubevisst, nå spiller jeg på det, Sånn er livet også, alt har sin dualitet”.
Skjalg Ekeland, foto
Skjalg er utdanna fotograf frå KIAD i England, 2001. Han stiller ut fotografi med eit poetisk skråblikk på ruinane av to forlatte byar. Pripyat i Tsjernobyl og den russiske gruvebyen Pyramiden på Svalbard.
Ekeland syner også fleire fotografi frå eit Ukrainsk gruvesamfunn.
Ein eigen del av fotoutstillinga vert via kjente musikarar og
poetar.
Stad: Smia i Mjøsvågen
Elke Karnik, installasjon

Elke Karnik er ein tysk kunstnar som har atelier på USF, Bergen. Ho har utdanning frå Kunstakademiet i Stuttgart og frå Chelsea College of Art and Design i London (MA). I 2004 var ho gjestekunstnar i Bergen. Deretter flytta ho til Norge.
Når du ser smia frå utsida veit du ikkje kva som ventar deg inne. Der er det relikvier frå ei anna tid.
Eit svart-kvit interiør, støv, gammalt materiale og rare ting som har lagt der i mange år, og som fortel
sine eigne historier. Karnik skal arbeida med interiøret og installera objekt i samspel med rommet.
Målet hennar er å skapa eit heilt nytt og overraskande liv inni den gamle bygningen.
Stad: Kunstverkstaden i Mjøsvågen
«6 kvinner, 6 utrykk» Johanne Monrad, Bente Holmedal, Solvor Fjellby, Cathrine Bysheim, Sidsel Møller Trulsen, Else Karin Tysse Bysheim.

Her har det tidlegare vore produsert møblar gjennom mange tiår. Verkstaden har også vore nytta til møbeltapetsering, øvingslokale for lokale musikarar og lagerplass. I sommar vert det utstillingslokale for Osterøy kunstlag.
Seks lokale kunstnarar skal saman jobba fram ei utstilling som tek utgangspunkt i lokalet dei jobbar i. I Kunstverkstaden opplever du mellom anna maleri, teikning og installasjon.