Osterøy Kunstlag

Osterøy kunstlag er ein medlemsorganisasjon der alle som ynskjer, kan verta medlem, kr 200,- pr. år. Osterøy kunstlag er også medlem av Norske kunstforeninger.

Osterøy kunstlag har til føremål, - ved utstillingar, foredrag eller på anna vis – å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til kunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet.

Samarbeidspartnarar:
Osterøy Bibliotek - http://osteroy.bibliotekivest.no
Osterøy Folkeuniversitet
Norlender Knitwear AS - www.norlender.no

Fleire hendingar vil kunna dukka opp etter kvart, fylgj derfor med på vår heimeside www.gallerimjosvagen.no
Kontaktperson Astrid Tveiten, epost: post@gallerimjosvagen.no, mobil 41103368

 

Sjå i kartet (google maps) for å finne ut kvar Mjøsvågen ligg. Me er berre ein liten time frå Bergen.