NÅDA - Samtidskunst, kulturminner, ungdom

NåDa er eit nasjonalt prosjekt i regi av Norske kunstforeninger, der 10 kunstforeiningar/ -lag i Norge er plukka ut til å delta. Osterøy kunstlag er åleine i Hordaland som deltek. Norske kunstforeninger får stønad frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet.

NåDa skal vera eit prosjekt der ungdom, biletkunstnarar og kunstforeiningar, gjennom å arbeida med samtidskunst, skal reaktivera lokale kulturminne.

I NåDa skal samtidskunst og lokale kulturminne frå fjern eller nær fortid saman danna ei form for refleksjon rundt historie, stad, identitet, tilhøyrsle, samfunn og kultur.

Mjøsvågen syner kulturminne for gründerskap, attåtnæring og industri heilt tilbake til 1800-talet, og me meiner at Mjøsvågen er ein veleigna plass for NåDa-prosjektet – Samtidskunst – Kulturminne – Ungdom.

Me tenkjer at i prosjektet vårt skal det vera eit hovudprosjekt med fleire underprosjekt som tek utgangspunkt i same tema. I første omgang skal ein hovudkunstnarar jobbe fram eit kunstprosjekt i samarbeid med dei involverte ungdommane. Deretter ynskjer me at andre ulike kunstnarar kan arbeide fram ulike underprosjekt. Me vil også arrangere ulike Workshops, foredrag m.m. Me ynskjer at det heile skal ende opp med fleire utstillingar innanfor ulike kunstnarlege uttrykk.

Prosjektets målsetting og betydning for kunstforeininga er at Osterøy kunstlag gjennom dette prosjektet skal setja fokus på dei unike kulturminna og lokalhistoria kring Mjøsvågen, samstundes som me ynskjer at dette skal få stor betyding rekruttering av fleire medlemmer til kunstlaget og meir aktivitet i Mjøsvågen. Me ynskjer oss spesielt nye medlemmer som kan representera dei unge.

Som einaste kunstlag i Hordaland ynskjer me at dette skal verta eit regionalt prosjekt – eit pilotprosjekt for heile regionen. Me vil invitera ungdom mellom 16 og 20 år frå ulike institusjonar i heile Hordaland og ynskjer å involvera ungdom frå ulike miljø og organisasjonar, som ungdomsskule, vidaregåande etc.

Me ynskjer at samtidskunst og dei lokale kulturminna i Mjøsvågen saman skal danna ei plattform for refleksjonar rundt historie, stad og identitet, samfunn og kultur.

Ved å velje kulturminne som har aktuell problemstilling for vår tid vil me til hovudprosjektet ta utgangspunkt i «Amerikakofferten», ei form for kiste som vart produsert i kisteverkstadane i Mjøsvågen i siste del av 1800-talet. Dei fleste som utvandra til Amerika hadde med seg denne kofferten med sine kjæraste minne frå heimlandet oppi. Dette var i ei tid då me i Norge var så fattige at ein tredjedel av befolkninga utvandra til Amerika for å få eit betre liv der.

Me meiner at dette temaet er svært aktuelt i våre dagar og såleis kan verta knytt opp mot notidas flyktningestraum og innvandring.

Kunstnaren me har valt til hovudprosjektet er Shwan Dler Qaradaki.

Qaradaki kom til Norge som flyktning i 1999. I 2017 er han ein etablert og anerkjent kunstnar i Norge, og har stilt ut ved fleire av våre viktigaste institusjonar og mottatt store stipend og fleire prisar. Han har også turnert i store delar av Norge og brukt mykje tid på å formidle historia om ein oppvekst i krig og korleis han brukte to og eit halvt år på flukta frå irakisk Kurdistan til Norge, i filmserien Salte Kyss.

Shwan Dler Qaradaki er født i 1977 i Suleimani  i Irak, bur i Oslo. Han har hatt separatutstillingar på blant anna Galleri BOa, Galleri lnM og kunstnerforbundet i Oslo, Spriten kunsthall i Skien, samt under Festspillene i Nord­Norge og Bjørnsonfestivalen i Molde i 2016. I 10. juni lanserte Qaradaki boken Avstand og filmen Mother på Kunstnernes hus i Oslo.