Markakunst 2013

Tema for Markakunst 2013 er "Den sagnomsuste naturen". Fleire av deltakarane har spunne rundt myter og segn i naturen. I kossdalen, der Markakunst-prosjektet finn stad, er det eit segn som fortel om eit brudefylgje med ei krunebrur som skulle til Hosanger kyrkje for å gifte seg. Dei kom med hest og kjerre nedover Kossdalssvingane og tok snauaste vegen, som var Kossdalsvatnet. Dette var om våren og isen var nok ikkje heilt trygg. Midt utpå isen forsvann heile det store brudefylgjet gjennom isen. Det vert sagt at på fullmånedagar kan ein sjå det blenkja i bruresylvet.

Det er i alt 8 kunstverk i årets løype.

1. "Mos-Art og trollsenga" - Workshop med Mjøsdalen barnehage og born/foreldre kunstgruppa.
2. "Beskyttelse" - Bjørn Midttun
3. "Venn eller uvenn?" - Osterøy kulturskule: Helene, Wiktoria, Karoline, Emilia og Ida Marie
4. "Segla sin eigen sjø" - Einar Sagen og Nina Måkestad
"Eit draumefartøy på land. Ein fantasi om ei bruderferd. I skogen ein gong i gamal tid. Med båt over land på veg heim". (Einar Sagen)
5. "Harpen" - Bjørn Wefring
6. "Pinne-tre" - Workshop med Hosanger Montessoriskule + open dag
7. "Tenkjetankesteinen" - Einar Sagen og Nina Måkestad
"Steinen kan ikkje gå. Har heller ikkje høyrt den snakke. Om den kan høyre og sjå veit eg heller ikkje. Men steinen får meg til å tenkje ein tanke..." (Einar Sagen)
8. "Beskyttelse" - Bjørn Midttun

Last ned kart over løypa og navn på verka her.

Løypa vart opna laurdag 25.mai. Det var guida tur innover før opninga vart halde innerst i Kossdalen. Bygdanytt har skrevet eit innlegg om opninga som du kan lese her (PDF fil som blir opna i eige vindauge).

Opning

 

Opning Opning 02 Nr1 Mos Art Nr2 Beskyttelse Nr3 Venn Eller Uvenn Nr4 Segla Sin Eigen Sjo Nr3 Venn Eller Uvenn 02 Nr3 Venn Eller Uvenn 03 Nr4 Segla Sin Eigen Sjo 02 Nr5 Harpen 00 Nr6 Pinnetre Nr6 Pinnetre 02 Nr6 Pinnetre 03 Nr8 Beskyttelse Nr5 Harpen Detalj Mo Sart Detalj Pinnetre Detalj Pinnetre 02 Nr7 Tenkjetankesteinen Nr4 Segla Sin Eigen Sjo 03