Baadehuset

I 1848 var vårsildefisket på topp. Same år kjøpte Hans Jacob Baade Kjeholmene, og fylte ut mellom desse slik at det blei ein tørr holme. Her var 3 hus, eit mura eldhus, eit bakarhus og eit stort sjøhus med stover og saltbinge, og i andre høgda øverst oppe var det ganeloft med vindskur. Baade bygde snart eit fint og staseleg våningshus, vegg i vegg med bakarhuset på 17 ganger 15 alen. Kjellarmuren som er frå 1690, er 4 alen høg og 1,75 alen tjukk. I kjellaren finn ein avdelt spisskammers og kjøkken med gruve.

baadehuset

 

Andre høgda blei etterkvart innreidd med 5 rom og gang kledd med murstein og trekt med papir. Her var også 3 omnar. Over andre høgda er eit ope loft. Baade utvida sjøhuset med nye tillbygg. Han bygde også ei ”øl-stove” med våning oppe og han hadde fjos til ei ku. I sjøhuset hadde han og saltebu, tønneverkstad og krambu.
Under vårsildefisket losjerte Baade fiskarar i Baadehuset, og for å få plass til mest mulig folk og tjena mest, kom han med staven sin og stakkmellom fiskarane for å sjå om dei kunne liggja tettare på golvet. Baadehuset var ein av dei første i landet som fekk fisketelegrafstasjon, for øvrig opna 28. desember 1857. Slik blei huset eit senter for dei store sildefiskeriene. Espevær fekk vanleg telegrafstasjon i 1890. I 1970 åra vart Baadehuset restaurert, med husmorlaget og Karin Tollevik som primus motor. Det vart då sett inn møblar i same stil som då Baade levde og det store restaureringsarbeidet blei avslutta i 1981. 

Baadehuset har omvisning for grupper på bestilling. 

I kjelleren på Baadehuset har me eit koslig selskapslokal som kan bestilles til alle typer arrangement. I samarbeid med Langevåg Bygdatun kan me servera det dere ønsker til deres arrangement. 

Kontakt : Torfinn Bie  m. 95 05 41 00

Varsel for Raudholmane
  • Skya

    16°

    onsdag

    05. august

  • Delvis skya

    18°

    torsdag

    06. august

  • Delvis skya

    18°

    fredag

    07. august

  • Regn

    17°

    laurdag

    08. august

  • Klårvêr

    15°

    søndag

    09. august

  • Delvis skya

    18°

    måndag

    10. august

  • Delvis skya

    19°

    tysdag

    11. august